Kva vil «miljømastene» til Tord Lien gjera?

Då det vart blåblå regjering trøysta eg meg med at sjølv med ein olje- og energiminister frå Frp kunne det ikkje verta verre enn Ola Borten Moe. Eg er redd eg kanskje må eta i meg dei orda. Eg vert imponert om Tord Lien klarar å gjera ein dårlegare jobb for natur og klima enn sin forgjengar, men at det vil verta så mykje betre er eg dessverre også sterkt i tvil om.

Medan Ola Borten Moe i kjent, arrogant stil gjekk ut og garanterte fleire monstermaster utan å ta seg bryet med å prøva å kamuflera dei som noko anna enn det dei er, ser det ut til at Tord Lien har tenkt å prøva seg på ei haldningsendring. Han skal døypa monstermastene om til «miljømaster», kunngjorde han på  Statnett sin haustkonferanse, noko som ikkje overraskande skal ha skapt vill begeistring blant tilhøyrarane frå Statnett. Ved å lansera ordet «miljømaster» tok nemleg Tord Lien i bruk ein av Statnett sine yndlingsverkemiddel: Propaganda. For kva vil «miljømastene» til Tord Lien gjera? Dei vil gå som 45 meter høge motorvegar av stål og leidningar gjennom landskapet. Dei vil stykka opp urørt natur og fragmentera leveområda til fuglar og dyr, og øydelegga rekreasjonsområde. I tillegg krev dei kilometervis av nye anleggsvegar gjennom område som tidlegare var urørte. Og til kva føremål?

«Det går ikkje an å senda elektrisk kraft på e-post», hevdar Tord Lien i eit forsøk på å legitimera nye høgspentmaster i Noreg, og toppar dermed lista over tåpelege argument. Det er eit manipulerande utsegn, kor eit underliggande premiss er lagt til grunn: At det skal sendast meir elektrisk kraft, utan at dette vert tatt opp til debatt.

Han unngår dermed kjernen i saka: Kva er føremålet med nye høgspentlinjer i Noreg? Det skal ikkje diskuterast. Det er opplese og vedtatt at me skal ha fleire overføringslinjer, og dei som prøver å stilla spørsmålsteikn ved dette, skal latterleggjerast med utsegn som Lien fremja på Statnett-konferansen. For det er vel ingen som trur straum kan sendast på e-post? Og viss ikkje du trur det må du då skjøna at det må byggast fleire høgspentlinjer? Og viss du er imot det, så må du òg vera imot straum! Vil du ikkje ha straum du då? Skal me slå av straumtilføringa di kanskje? Denne type retorikk er ikkje noko nytt for dei av oss som kjempa for å bevara urørt natur i Hardanger. Det er ein type argumentasjon som forenklar og fordummar saka til eit spørsmål om straum eller ikkje straum.

Så enkelt er det heldigvis ikkje. Viss du tenker deg om, vil du oppdaga at du allereie har straum. Det har resten av Noreg òg. Alt for mykje straum faktisk! Og kva vil skje når me bygger ned meir av naturen for å produsera og overføra meir straum? Jo, det vert pressa meir straum inn på marknaden enn det er behov for, noko som vil pressa prisane ned, og som vil føra til at me bruker endå meir straum. Med andre ord vil me tårna endå høgare over resten av verdas land når det kjem til energisløsing. Veldig miljøvenleg, eller kva, Tord Lien?

Det typiske motargumentet til dette er at me skal jo senda masse fornybar energi til andre land. At ingen land har gitt uttrykk for å villa bli nettoimportør av norsk vasskraft, og at det ikkje føreligg nokon slike avtalar, er visst ikkje så nøye. Me kan vel berre senda det på e-post!

Skal me klara overgangen til fornybarsamfunnet, må heile energisystemet omstrukturerast. Storskala vind- og solcelleanlegg er til dømes enormt arealkrevjande. Det me treng er derfor samfunn som i størst mogleg grad er sjølvforsynte, og som er minst mogleg avhengige av import. Berre slik kan me løysa klimautfordringane utan å øydelegga naturen undervegs; for tap av naturmangfald er også ein reell trussel. Ein av førelesarane mine i haust sa det slik: Tenk på naturen som eit fly beståande av tusenvis av små delar. Om du fjernar nokre få av dei vil det framleis kunna fly – men om du held fram med å fjerna delar, vil flyet til slutt kollapsa, og først då vil du finna ut kva som var flyet si tolegrense. På same måte veit me ikkje kva som er tolegrensa til naturen, men me veit at me allereie overbelastar naturressursane. Og me veit at fragmentering av leveområde er blant dei største truslane mot økosystem og naturmangfald. At Tord Lien manglar grunnleggande kunnskap om dette, skin tydeleg gjennom når han no går ut og vil ha mindre utgreiingar i kraftutbyggingssaker.

Å skyva klima framfor seg som alibi for å bygga ned norsk natur på den eine sida, og gå inn for å auka oljeproduksjonen på den andre sida, gjer at Tord Lien sitt påtatte miljøengasjement ikkje vert truverdig. Det beste Noreg kan gjera for klimaet er å trappa ned olje- og gassproduksjonen og bruka energien meir effektivt. Ved hjelp av energieffektiviserande tiltak og oppgradering av nettet vil me kunna frigje energi tilsvarande ein million husstandar! Kvifor snakkar ikkje Tord Lien om desse to tiltaka, dersom han er så opptatt av miljøet?

Til jul ynskjer eg meg ein energiminister som evnar å ha to tankar i hovudet samtidig og som klarar å tenka heilskapeleg og langsiktig. Under juletreet til Tord Lien håpar eg det ligg ein leksjon i berekraft og naturmangfald.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE