Uroa over ønske om mindre samfunnsfag
Politistudentane ønskjer meir skytetrening. Forskar er uroa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha meir skytetrening
Sju av ti politistudentar ønskjer mindre undervisning i samfunnsvitskaplege fag som kriminologi og sosiologi, framgår det av ei undersøking gjort av studentforeininga til Politiets Fellesforbund, PF Studentane. Undersøkinga viser dessutan at heile åtte av ti politistudentar ønskjer meir trening i politifaglege oppgåver som taktikk, arrestasjonsteknikk og våpentrening, ifølgje fagbladet Politiforum.
– Studentane ønskjer meir operativ trening, og det har vi stor forståing for. Samtidig trur vi fleire vil forstå betydninga av samfunnsfaga når dei byrjar å jobbe i politiet. Ein treng ei grunnleggjande samfunnsforståing dersom ein ikkje skal trakke feil, seier professor i politivitskap ved Politihøgskolen, Tore Bjørgo til Vårt Land.
Han har blant anna forska på førebygging og meiner samfunnsfaga spelar ei avgjerande rolle i det førebyggjande arbeidet.
– God førebygging føreset at du har ei god forståing av samfunnet. Du må forstå kva som fører til at unge menneske blir innblanda i kriminalitet og ekstremisme. Det krev forståing på eit anna nivå enn korleis ein skal sikte med ein pistol og leggje folk i bakken, seier Bjørgo. (©NPK)