I fotefara til Ivar Aasen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ivar Aasen meinte at ei fullkomen innsamling av alle ord og former rundt om i landet måtte vera umogleg for een Mand alene at udføre. Og så gjorde han det likevel, sa Ottar Grepstad, da han laurdag tok med tilhøyrarande på ei tre timar lang byvandring i Ivar Aasen sine fotefar i Oslo.

Grepstad er til dagleg direktør i Nynorsk kultursentrum, og forfattar av den nyleg utgjevne boka Historia om Ivar Aasen. Oslo mållag stod for tilskipinga, og eit tjuetals menneske hadde møtt opp. 

LES OGSÅ: Ivar Aasen på bronseplass

I byrjinga var skepsis
Ivar Aasen kom til Oslo i september 1847. Aasen var sliten og skeptisk, og i eit brev skriv han seinare:

«Efter en møisom Reise med et yderst slet Føre kom jeg hertil saa vildfremmed at jeg maatte tage ind paa et Hotel.»

Ottar Grepstad peika på eit område nedst i Karl Johan, ved Kirkeristen. Tilhøyrarane måtte berre bruke fantasien, for å førestille seg korleis respektable Hotel Scandinavie ein gong hadde ruva tomta der Burger King no ligg og blinkar i novemberkulden.    

Men Aasen vart verande i byen resten av livet, berre avbroten av reisene sine. Og han fekk sjå eit Kristiania som utvida seg kraftig. Då han kom i 1847 var det 40.000 innbyggjarar, og då han døydde i 1896 hadde det auka til 227.000. Store nye bygg kom på plass, og byen vart ein av dei største i Europa.

LES OGSÅ: Ivar Aasen toppa på Twitter

Juks og skriveri
Turen gjekk vidare til Storgata 6, no med kaffibarar, sportsbutikkar og bråkete transportmiddel på alle kantar, men Grepstad kunne fortelja at her hadde det vore bondehandelsgard, med stall, logi og servering. Og kva meir var, i Storgata 20 held Bjørnstjerne Bjørnson lenge til.

Bjørnson og Aasen hadde eit samarbeid som ikkje vart kjent før i 1902, etter Aasens død. Grepstad fortalde om eit tilhøve fylt av både vørnad og avsky. Aasen hadde hjelpt Bjørnson med omsetjing av ein bokmålstekst i Samfundsbladet til sunnmørsdialekt, fordi Bjørnson meinte det ville gjera teksten meir truverdig. 

Men Bjørnson var ikkje nådig i si skildring av nynorsken. Etter Aasen sin død, hevda Bjørnson at det å skulle utvikle eit nytt norsk skriftspråk var ein einaste stor illusjon. Dette språket kom frå dei same tronge vestlandsfjordane som den trongsynte, innskrenkande pietismen, meinte han. Som han sa det: «Disse blaa fjorde vil sno sig som slanger om os og kvæle vort kulturliv».

LES OGSÅ: Slik skal dei selja Ivar Aasen

Vinje vendt om
Ikkje minst var det i Oslo at Ivar Aasen vart kjent med Aasmund Olavsson Vinje. Dei hadde begge tankar om å lage eit tidsskrift, som etter kvart vart heitande Dølen. Vinje var redaktør. Han tok først ei avgjerd om å bruke eit dansk-norsk språk, og var lite begeistra over Aasen sitt framlegg om nynorsk. «Eg sa til Aasen at dette her gjeng eg kje med paa. Eg vil ikkje væra nokon apekat», skal han ha sagt.

Men nynorsk vart det, og Aasen bidrog mykje. Både med tekstar, korrektur og omsetjing.

– Vinje var Aasens stallbror og utanriksminister, men gav ikkje opp eige sjølvstende, sa Ottar Grepstad, med referanse til eitt av Reidar Djupdal sine verk.

Og så kunne tilhøyrarane runde gatehjørnet langs Kongens gate og Tollbugata (i nabohuset til der Framtida.no held til i dag, red. mrk.)  og tenkje at der sat ein gong dei to første nynorskbrukarane i landet og laga Dølen.

LES OGSÅ: Send post med Ivar Aasen

Eit språk til folket
Det vart stopp i Teatergata 6, der Ivar Aasen, i kalde og kummerlege rom, skreiv alle dei viktigaste verka sine. Grepstad nemnte i fleng. Nordmannen, Symra, mykje av grammatikken.     

Ivar Aasen budde i Oslo då jernbanen vart opna, då det nye stortingsbygget stod ferdig og då tekniske nyvinningar som fonografen kom i bruk. Og det var altså i denne tida nynorsken vart til. Men det nye skriftspråket var, ifølgje Grepstad, ein del av moderniteten, og absolutt ikkje eit bakstreversk opposisjonsprosjekt, slik ein kanskje kunne tru. Det handla om at heile folket skulle kunne ta i bruk demokratiske rettar.

– Det han gjorde, var med og moderniserte Noreg til eit formelt fleirspråkleg samfunn hundre år før dette blei meir vanleg i Europa, konstaterte Ottar Grepstad.

LES OGSÅ: Aasensk powerpop

Forunderleg
Vandringa vart avslutta ved Ivar Aasen si grav på Vor Frelsers gravlund. Ottar Grepstad siterte eit innlegg i Dagbladet på dødsdagen 23.september 1896:

«Han vil bli baaret til Graven i stille Ærefrygt og under prunkløs Højtidelighed – dette forunderligste lille Væsen, som nogensinde har traadt norsk Jord, og som, efterat nu et langt Liv er afsluttet, efterlader lige mange Spørsmaal og lige megen Undren, som da han stod frem for at udøve den Virken, hvortil han var kaldet.»

Ein krans vart lagt ned, lys vart tent, og forfrosne nordmenn i eit mørklagt land kunne nok ein gong takke Ivar Aasen.

LES OGSÅ: Slu strateg

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?