Send post med Ivar Aasen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samband med Språkåret gir Posten Noreg ut to nye frimerke for å markere at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd, og 100 år sidan Det Norske Teatret blei grunnlagt. Frimerka viser eit portrett av Ivar Aasen og Lasse Kolstad i hovudrolla som Tevje i «Spelemann på taket», ei av dei mest kjende framsyningane til Det Norske Teatret.

– Nynorsk er ein viktig del av kulturnasjonen Noreg. Jubilea blir markerte gjennom Språkåret 2013, og vi i Posten vil heidre nynorsken, Ivar Aasen og Det Norske Teatret gjennom frimerkeutgjevingane, seier frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten Noreg.

Brevkjær
– Viss det ikkje var for posten, hadde vi ikkje visst så mykje om Aasen som vi i dag veit. Han sendte ei enorm mengd med brev, fortalde dagleg leiar ved Ivar Aasen-tunet Gaute Øvereng då dei nye frimerka blei avduka på Det Norske Teatret onsdag.

I eitt av dei 460 breva Ivar Aasen sendte avslører han til og med kven han kunne tenkt seg å gifte seg med. Men han sendte aldri noko friarbrev, og var ungkar heile livet.

– 200 år etter at han blei født skal han få følgje med på ferda når søknader, invitasjonar og brev til vener og kjende blir sendt rundt i det landskapet han i si tid reiste gjennom, seier Øvereng.

Det er likevel ikkje første gong nynorskfader, diktar og språkforskar Ivar Aasen er på tur i postsystemet, ved 150-årsjubileet i 1963 fekk han også sitt eige frimerke.

– Ingen trykkfeil
Begge dei nye frimerka er merka med Noreg, ei merking som tidlegare har ført til oppstyr blant ivrige frimerkesamlarar.

– Det første Noreg-merket blei gitt ut i 1951 på det som ville vore 100-årsdagen til Arne Garborg. Det blei eit svært populært frimerke blant samlarar i utlandet, som trudde vi hadde gjort eit stort feiltrykk og at frimerket dermed var meir verdt, fortalde frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten då han viste fram dei ferske frimerka. (©NPK)