Aasensk powerpop

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er det nye nynorske bandet «The Systers and The Brørs» som har gjort Aasen til frontfiguren sin. Dei satsar for fullt mot ei karriere som rockarar, og debuterer med duett med Ivar Aasen i høve 200-årsmarkeringa av fødselen hans 5. august.

Låten deira «Eg byggjer opp eit språk» er ei snasen powerpoplåt, som fortel om Aasen reise gjennom landet for å samle dialektane til nynorsken, samt utfordringane målet har i dag.

LES MEIR: Dei gjera hugen glad

Politisk stuntband
Kven er «The Systers and The Brørs»?

– The Systers er Guri og Sigrid Sørumgård Botheim. The Brørs er Sigurd Brørs. Vi er eit stuntband som oppstod i samband med Dei nynorske festspela tidlegare i sommar. Der framførte vi «Eg byggjer opp eit språk», fortel Sigrid.

Er dette dykkar første låt og video?

Ikkje den fyrste: I tillegg hadde vi to andre songar, tungmetallåta «Afasi i språksåret» og kampsongen «Kløyve infinitiven til vi dør». Tidlegare har vi òg laga ein youtube-video som hyller den utdøyande sporten skiballett. Vi ynskjer oss skiballett attende som olympisk grein …

Har de andre planar framover?

Ja, svarar Sigrid, på vegne av bandet.

– Vi tenkjer å lage fleire songar. Vi vil begynne med ein song om Edward Snowden. Målet er å bli rockestjerner på heiltid, forklarer ho.

LES MEIR: Gå din eigen veg

Eigentleg engelsk
Eigentleg hadde låten ei engelsk tekst, ifølgje Sigurd, som er melodiarkitekt og mannsrøysta i videoen.

Eg hadde opphavleg laga melodien med engelsk tekst til. Då heitte songen «We’re Building A Machine». Så omdikta vi songen til norsk, og fann ut at han skulle handle om Ivar Aasen, seier han.

Men kva inspirerte tekst og melodi?

– I den opphavlege teksten kom tittellinja av seg sjølv, samtidig med melodien. Det kjentest som at musikken handla om å byggje noko, men utan at bygginga går heilt friksjonsfritt. Det passa også godt med den norske tematikken, så det var all inspirasjonen Sigrid og eg trong da vi meisla ut teksten i nokre seine kveldstimar, fortel han.

Kvinneleg sjarm fekk Ivar med
Korleis fekk de overtalt Ivar Aasen til å vere med i videoen dykkar?

– Det var berre å skru på den kvinnelege sjarmen. No som Ivar nærmar seg 200 år, er han ikkje så sjenert lenger, seier Sigrid.

– Dessutan hadde han lyst til endeleg å få besøkt Lesja. Han fann seg godt til rette her, supplerer Guri, som mellom anna har regissert musikkvideoen.

LES MEIR: Slu strateg

Saka fortset under videoen.

Halvt Ivar, halvt Sigurd
I videoen er det Sigurd som har røysta til Ivar. Han fortel at han identifiserte seg sterk med Ivar under innspelinga.

– Da eg fullførte teksten, og sidan song han inn, kjentes det som eg var halvt Ivar, halvt Sigurd, seier han.

Likevel hende det noko uventa då dei spelte inn videoen: Med eit var det som om Ivar fekk sin eigen identitet, lausriven frå han sjølv.

– Då vi spela inn videoen, bytte Sigrid og eg på å assistere Ivar med rørsler og diksjon. Som ein konsekvens av dette vart Ivar lausrive frå meg og fekk sin eigen identitet, ein stad midt mellom oss alle.

Sjølv om Ivar etterkvart utvikla meir av både identitet og personlegdom, fortel Sigurd at 200-årsjubilanten likevel var ein fryd å arbeide saman med.

– Guri, som filma, gav instruksane sine direkte til Ivar – og han var utruleg flink til å gjere som ho sa, fortel songaren.

Ønskjer seg ny duett med Ivar
I videoen er det Sigrid som har fått det ærefulle oppdraget å syngje i duett med Ivar.

Korleis var det å syngje i duett med nynorskens far?

 Vi var veldig koordinerte. Det kjentest som om vi var ein person, fortel ho.

Vidare kan yngstesøstera Botheim avsløre at ho ikkje ville takka nei til ein ny duett med 200-åringen.

– Eg håpar vi kan framføre songen i lag fleire gonger i framtida. Kanskje vi kan synge ein kjærleiksduett òg? 

LES MEIR: Ivar Aasen toppa på twitter