Mindre sjukdom med god søvn
Tenåringar som søv nok, får sjeldnare forkjøling, influensa og omgangssjuke, meiner forskarar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå før er det godt kjent at dårleg søvn kan føre til høgare risiko for både hjerte- og karsjukdommar, høgt kolesterol, fedme og depresjon. No har amerikanske forskarar funne ut at dårleg søvn også heng saman med meir akutt sjukdom, skriv Forskning.no.
Etter å ha undersøkt ungdom mellom 14 og 19 år, viser det seg at dei elevane som oppheldt seg flest timar i draumeland, hadde lågare risiko for sjukdom og mindre fråvær på skulen. Forskarane oppdaga også at dei som blei sjuke ofte hadde sove mindre enn vanleg i tida før utbrotet.
Resultata viser i tillegg at eit regelmessig søvnmønster kan vere bra, i motsetnad til skippertakskviling der ein tek igjen den manglande søvnen i vekedagane i helga. (©NPK)
LES OGSÅ: Søvnskadeleg sengesurfing