– Må gira opp klimakampen
Talsperson i Grøn Ungdom, Hallvard Surlien, forventar handling frå verdas leiarar på klimatoppmøtet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hallvard Surlien er einaste norske ungdomspolitikar på klimaforhandlingane i Warszawa. Han meiner katastrofen som no pågår på Filippinene i samband med sypertyfonen Haiyan understrekar behovet for å trykkja inn gasspedalen i klimakampen.
– Trass i einskilde små sigrar har dei internasjonalen klimaforhandlingane gått på krabbegir sidan det mislukka møtet i København i 2009. Den første veka her i Warszawa er diverre enno i same stil. I staden for å gira opp i høggir for å få stansa galskapen me har sett døme på i Filippinene, sette land som Japan og Australia forhandlingane tilbake i revers, ved å nærmast skrote sine utsleppsløfte for 2020, seier han.
LES OGSÅ:Fastar for klimaet og Filippinene
– Knappar og glansbilde
Tysdag kom miljø- og klimaminister Tine Sundtoft. Ho deltek i to ministerdiskusjonar om finansiering av klimatiltak og auka klimaambisjonar før 2020. Ho hadde med seg 15 millionar kronar til eit klimatilpassingsfond, og lova at Noreg vidarefører regnskogsatsinga fram til 2020, og at me vil gi pengar til Det grøne klimafondet når det kjem opp og går.
– Ved å lova pengar gir Norge eit viktig signal om at rike land må opna lommeboka. Likevel er beløpa, så langt, knappar og glansbilde i forhold til både kva som trengst og kva som er vårt historiske ansvar for klimaendringane. Sundtoft bør derfor fleska til skikkeleg når ho skal gi pengar til Det grøne klimafondet, og det bør skje så tidleg som muleg neste år, seier Hallvard Surlien.
Sverige har allereie lova 300 millionar svenske kroner.
LES OGSÅ: Nokon meir miljøvenlege?
Brutal røyndom
– Tyfonen på Filippinene viser den brutale røyndomen til klimaendringane, og den viser dei katastrofale konsekvensane av det me tener oss rike på i Noreg, nemleg olje og gass. Me står saman med Filippinene, fordi det handlar både om deira liv i dag og våre liv i morgon. Det må vera klinkande klart for alle politikarar at me ikkje kan sitja stilla når sånne ting skjer – me må få ut fingeren og løysa klimakrisa.
– Kva er det viktigaste Noreg bør gjera i klimaforhandlingane?
– Det einaste som kan bringa forhandlingane vidare i dag, er at rike land viser mykje større vilje til å kutta eigne utslepp og betala for klimatiltak i utviklingsland. Det viktigaste Noreg bør gjera, er derfor å begynna å setja grenser for vår verste forureinar, oljeindustrien, og begynna å betala tilbake den klimagjelda me skuldar verdas fattige etter 40 år med olje- og gassverksemd.
QUIZ:Ta den store klimaquizen!
– Frustrerande
– Kva synest du om forhandlingane så langt?
– Eg synes det er frustrerande å sjå den manglande viljen til å ta klimakrisa på alvor hos verdens ledere. Klimakrisa handler om hele menneskehetens eksistens, men behandles av politikerne som en forkjølese som går over i neste uke. Vi må slutte å bare snakke om at klimaendringer er kjipt, men starte å gjøre den jobben alle skjønner må til for å løse problemet
– Kva gjer du, Grøn Ungdom og dei andre ungdomsorganisasjonane for å påverka dei som forhandlar?
– Me snakkar nesten daglig med forhandlarane og gir tydelege beskjedar på kva me meiner må til. I alle fall for Grøn Ungdom sin del er likevel jobben me gjer heime resten av året med å flytta den politiske debatten og støtta opp om Miljøpartiet Dei Grøne sitt arbeid på Stortinget, den aller viktigaste. Utan ein god politikk å koma med heimefrå, er forhandlarane rimeleg sjanselause på sånne møte.