Fastar for Filippinene og klimaet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sultar seg for tyfonoffer

For andre året på rad rammar ein katastrofal tyfon Filippinene samstundes som verdas land er samla til klimatoppmøte.

Sjefsforhandlaren for Filippinene, Yeb Sañosar, sa ved inngangen til forhandlingane at han vil avstå frå å eta mat før det blir framgang i forhandlingane – i solidaritet med landsmennene sine som no kjempar for å finna mat der heime.

Innlegget vart følgt opp av ståande applaus frå salen, og dessutan taktfaste rop om ”We stand with you” frå ungdomane som var til stades.

Silje Lundberg, leiar i Natur og Ungdom, har saman med fleire andre ungdommar byrja å fasta i solidaritet med tyfonoffera og klimaet.

– Tragedien på Filippinene viser oss tydeleg kvifor me er her, og kvifor det er så useieleg viktig at me får framgang i forhandlingane i Warszawa. Yeb Saño har all støtta vår, og det er viktig at bodskapen hans blir høyrt. Krava hans er krava våre. Difor står me med han, òg i fasten, seier ho.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

Oppmodar ungdom til å bli med
Torsdag 21. novembervilungdom over heile landet visa støtte til Filippinene og for ein betre klimaavtale. Denne dagen oppmodar Natur og Ungdom ungdom til å fasta for å visa støtte til Yeb Saño og det filippinske folket.

– Det handlar om å visa solidaritet med eit land som har blitt ramma vanvittig hardt av naturkatastrofar, og som gjennom dei siste åra har opplevd stadig sterkare og fleire slike. Me må visa at det internasjonale samfunnet står bak dei i deira krav om at klimagassutsleppa må reduserast, slik at me unngår fleire og verre naturkatastrofar i framtida, seier Silje Lundberg.

LES OGSÅ: – Berre massive inngrep nyttar

Saman med nærare 30 andre aktivistar har Lundberg sagt at ho i solidaritet med Filippinene vil fasta gjennom dei to vekene konferansen varer, og ikkje eta mat i løpet av konferansetida. Lundberg har no fasta i ni dagar.

– Eg ramadan-fastar, så eg går cirka 14 eller 16 timer utan mat kvar dag, men et frukost og ein veldig sein middag, forklarar ho til Framtida.no.

– Korleis er forma?

– Den er fin. 

– Kva kan ein gjera utanom å fasta?

– Det er mengder ein kan gjera! I denne aksjonen kan ein også ta bilde av seg sjølv med ein plakat eller liknande der ein skriv #WeStandWithYou. Men det aller viktigaste er å vera med vidare i kampanjen for klimahandling, og då vil eg på det varmaste tilrå alle å bli med i Natur og Ungdom. 

LES OGSÅ:Kor sikkert er 95 prosent?

– Ser ufatteleg dårleg ut
– For at me skal koma vidare må alle land ratifisera den andre perioden til Kyotoprotollen, dei rike landa må auka ambisjonsnivået og sørgja for at me får ein avtale som gjer det vitskapen, og ikkje lobbyistane til fossilindustrien krev. Å akseptera ein avtale som legg opp til sterkare stormar og meir ekstremvêr som Haiyan er ikkje eit alternativ, held Lundberg fast.

– Kva håpar du kjem ut av COP19?

– Auka ambisjonar om utsleppskutt, pengar til klimatilpassing og klimatiltak i utviklingsland og ein internasjonal mekanisme for tap og skade.

– Korleis ser forhandlingane ut så langt, etter di meining?

– For å vera heilt ærleg: det ser ufatteleg dårleg ut. Dei rike landa er ikkje villige til å ta det ansvaret dei har, og me ser ikkje nokon framgang.

LES SISTE KLIMANYTT HER!