Deppa jenter har mest fysisk vondt
Sju av ti unge med psykiske lidingar slit med kroniske smerter. Deprimerte jenter har mest vondt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse har mest vondt
For første gong er det blitt forska på kva for fysiske smerter ungdom med mange ulike psykiske lidingar slit med.
I ei spørjegransking har 566 ungdommar mellom 13 og 18 år med diagnosane ADHD, depresjon, angst, eteforstyrringar og eit spekter av autistiske lidingar svart på om dei har vondt i kroppen, kva slags smerter det er og kvar dei har vondt.
LES OGSÅ: Éin av fem treng hjelp mot depresjon
Høge tal
Sju av ti svarte at dei har kroniske smerter. Hos dei som var deprimerte, var talet enda høgare – der hadde åtte av ti kroniske smerter. Det var vondt i musklar og skjelett som var på smertetoppen. Jentene hadde meir vondt enn gutane, uavhengig av diagnose.
– Dette er så høge tal at merksemda om fysiske smerter må aukast i heile hjelpeapparatet for barn og unge. Det er lidingar der ungdommane tar problema innover i seg, som angst og depresjon, at dei fysiske smertene er hyppigast. Det er eit tydeleg signal om at dette må få meir merksemd i behandlinga av psykiske lidingar, seier professor Marit Sæbø Indredavik ved NTNU til Gemini.no.
Ho står bak undersøkinga saman med blant andre doktorgradsstipendiat Wenche Langfjord Mangerud ved NTNU. Begge jobbar ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge ved NTNU.
LES OGSÅ: Trur lettbrus er knytt til depresjon
– Behandle tidleg
– Både angst og depresjon kan kvar for seg vere inngripande i livskvaliteten til desse ungdommane, og så har dei i tillegg ei stort meirbelastning i form av kroniske smerter. For å behandle angsten på ein god måte, må også dei kroniske smertene behandlast, og omvendt. Det er viktig at behandlinga i ungdomsåra er god, slik at desse problema ikkje vedvarer inn i vaksenlivet – slik dei dessverre ofte gjer, seier Mangerud.
No skal stipendiat Mangerud forske vidare på fysisk aktivitet hos ungdom med psykiske lidingar, samanlikna med ungdom som ikkje har psykiske lidingar.