Samfunnsprosjektet og meg

Ingrid Ophaug Dahl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 5.-6. november var folk og toppar frå ulike samfunnssektorar samla på Zerokonferansen. Zero hevdar å ha verdas mest løysningsorienterte klimakonferanse. Sjølv deltok eg for fyrste gong i år, og prøvde å balansere ein blanding av eit kritisk og eit opent blikk. Eg må seie at eg blei positivt overraska.

Det var for eksempel inspirerande å få høyre meir om korleis Storebrand har seld seg ut av kull og selskaper som i stor grad er eksponert for oljesand. Vidare har dei tatt rolla som ein meir aktiv aksjeeigar, og krev meir av selskapa dei investerer i. Dei snur seg gradvis i ein meir berekraftig retning. Tanken er at når ein driv med pensjon, er det enkelt å tenke langsiktig. Ein er avhengig av at marknaden fungerer, og klimaendringane gjer det usikkert kor lenge det kjem til å fungere.

Det var nok ikkje berre eg som var inspirert av dette og andre innlegg på Zerokonferansen. Mange imponerte med sine ynskje om å legge om verksemda si og vere med på  å skape ein meir berekraftig forvaltning av livsgrunnlaget vårt. Det var eit par ting som skurra litt, for eksempel Coca Cola som skrøyt uhemma av dei nye flaskene sine (25 prosent plantebasert er ikkje akkurat løysninga på hovudproblema til den verksemda), men alt i alt fekk eg eit godt inntrykk av dei som stilte opp på konferansen. Det blei mana til at fleire burde gjere som dei. Ikkje «berre» for å redde verda, men fordi det til og med var økonomisk lønsamt. Ein fekk rett og slett lyst til å vere med på å skapa ei betre verd. Det verka så innmari kjekt!

Dei som skuffa mest, var politikarane. Statsminister Erna Solberg hadde med seg masse kakediagram med oversikt over kva som hadde blitt gjort, og var skummelt lite konkret. Ho snakka om klima omtrent på same måte som Jens Stoltenberg gjorde det for eitt år sidan. Miljøvernminister Tine Sundtoft var hakket meir konkret, men hoppa elegant over oljeelefanten i rommet. Det var litt flaut. Ikkje berre vart våre folkevalde utkonkurrert av entusiastar i næringslivet og diverse aktivistar, dei vart utkonkurrert av den danske klimaministeren òg. Han hadde visjonar, og snakka om kor viktig politisk leiarskap var. Eit augneblink kunne eg skimte klimalyset i enda av den politiske tunnelen.

Det eg vil, er at Storting og regjering skal seie at no gjer vi det, folkens! Sjå her, kva Danmark har gjort! Vi vil gjere sånn. For klimaendringane er viktige. Så viktige at vi faktisk må slutte å bruke tida vår på å seie at det er viktig, og heller handle med ein einaste gong.

Om berre politikarane kunne få trua på seg sjølv og samfunnsprosjektet! Kanskje kunne heile Norge blitt ein slags Zerokonferanse, der til og med staten sitt svar på Coca Cola (Statoil?) fekk skryt for det vesle dei hadde gjort, og difor fekk lyst til å gjere meir. Eg vil så gjerne ha ein statsminister som seier «Dette blir vanskeleg, men no gjer vi det. Ikkje berre skal vi vere med på å redde verda, men på lang sikt vil vi tene på det som samfunn og! Hurra!» Ja, då. Då skulle eg bli like positiv som Zero.