Kan ha løyst autismegåta

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svenske og franske forskarar står bak ein lovande studie som kan leia fram til behandling mot autisme.

Autisme har lenge vore sett på som umogleg å kurera, men den nye forskinga kan visa seg å gje nytt håp for behandling av visse typar autisme som skuldast genforandringar. Det melder den svenske avisa Expressen.

LES OGSÅ:– Urin kan omdannast til hjerneceller

Genforandringar gjer at ulike protein i hjernen ikkje fungerer som dei skal, noko som kan føra til autisme.

– Forsøk på både dyr og menneske viser at ein ikkje får oppkoplinga i hjernen som ein ventar seg. Det er som om ein skal surfa på nettet, men berre kjem inn på ei nettside, ein kjem ikkje vidare ut på nettet, forklarar professor i psykiatri, Christopher Gillberg.

Å reparera genforandringar er ikkje enkelt. Forskarane vil difor prøva å finna ei middel som rettar på det genforandringane gjer.

– Slik kan ein reversera prosessen. Ein får slutt på det som skadar nervesystemet. Autismesymtoma går tilbake og ein fungerer meir normalt, seier han vidare til Expressen.

LES OGSÅ:Her er det flest med autisme og AD/HD

Forsøk på mus viser at symptoma på autisme kan forsvinna både hos barn og vaksne. Forskarane har sett same effekten på menneske. 150 personar med autisme deltek no i ein verdsomspennande studie med eit nytt legemiddel som skal stoppa den skadelege effekten av proteinane på nervecellane i hjernen.

Forskinga som professor Gillberg har vore med på blir publisert i det prestisjetunge tidsskriftet Nature medicine. For ti år sidan var han med i forskargruppa som for første gong klarte å indentifisera genetiske mutasjonar hos personar med autisme.

Faktaboks

Barn med autisme har ein hjerne som fungerer litt annleis enn han gjer hos normalt utvikla barn. Dette får konsekvensar for korleis barn med autisme utviklar seg.
Frå utsida ser barn med autisme ut som alle andre barn. Barn med autisme utviklar likevel ikkje dei evnene dei treng for å fungera sosialt eller på skolen.
Dei fleste barn med autisme viser ofte tydelege teikn på diagnosen innan dei er fylt tre år.
Autisme rammar ulike barn på ulik måte. Nokre barn vil trenge hjelp heile livet. Andre kan klara seg sjølv, og vil vera i stand til å leva eit uavhengig liv som vaksne.

Les meir hos helsebiblioteket.no!