Vil slå saman MDG og SV

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solhjell, som var miljøvernminister fram til regjeringsskiftet i haust, seier til Klassekampen at dei to partia må slå seg saman før det er for seint.

– Det er rett at SV og MDG slår seg saman, seier Solhjell. Han vil ha felleslister allereie ved valet i 2015.

SV-nestleiaren kjem med oppmodinga i ein kronikk i tysdagsutgåva av avisa. Der skriv han at han las MDGs partiprogram «og fann eit slags SV». Solhjell har informert resten av partileiinga om at han ville koma med utspelet.

LES OGSÅ: Skap den grøne blokka no

Felles miljøparti
Miljøpartiet Dei Grøne vart stifta i 1988, men det var først i årets valkamp partiet verkeleg fekk fart. Partiet har vore over sperregrensa på fire prosent både før og etter valet. Partiet enda på 2,8 prosent av stemmene i valet, og eitt mandat frå Oslo. På si side fekk SV fleire målingar under sperregrensa, men berga så vidt med 4,1 prosent av stemmene, 2000 stemmer unna sperregrensa.

– Det er ein reel fare for at miljøveljarane spreier seg slik at det blir færre stortingsrepresentantar som er opptekne av miljø, sa SV-leiar Audun Lysbakken då alle tre «miljøparti» risikerte å hamne under sperregrensa.

LES OGSÅ: Lysbakken kan mista stortingsplassen

– For miljøet sin del har me ikkje råd til å gjera noko anna enn å slå oss saman, seier Solhjell.

– Velkommen som medlem
Miljøpartiet Dei Grøne har heldt fast på å vera eit blokkuavhengig parti, og har invitert SV, Venstre og KrF til ein klimaallianse. Ei samanslåing med SV blir kontant avvist av nasjonal talsperson Hanna E. Marcussen.

– Me er eit heilgrønt parti med vår eigen ideologi. MDG høyrer ikkje heime på venstresida slik SV gjer, men byggjer politikken på ein grøn ideologi, seier Marcussen til Klassekampen.

Talskvinna understrekar at òg KrF og Venstre må med i klimaalliansen, og inviterer Solhjell til å melda seg inn i MDG viss han ynskjer det.

QUIZ: Kva veit du om Miljøpartiet Dei Grøne?

QUIZ: Kva veit du om Sosialistisk venstreparti?

Kva synest du om forslaget til Bård Vegar Solhjell?

Faktaboks