Lysbakken kan miste stortingsplassen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan ta plassen til Lysbakken

Sosialistisk Venstreparti får ei oppslutning på 3,7 prosent på målinga, ein oppgang på 0,1 prosentpoeng samanlikna med førre måling for Hordaland som blei gjort for Bergens Tidende i mars i år.

Oppgangen er ikkje nok til å hindre at Lysbakken ville ha mista stortingsplassen dersom målinga hadde vore valresultatet.

– Målinga viser det vi har sett lenge. Vi må slåst for mandatet. Det er innanfor rekkjevidd, men berre dersom SV sine venner faktisk stemmer på oss. Eg håpar dei ikkje tek det for gitt at eg kjem på Stortinget, seier Lysbakken til Bergens Tidende.

Les siste nytt frå valkampen her!

Partibarometeret viser at den største overraskinga heiter Miljøpartiet Dei Grøne. MDG går fram 3,6 prosentpoeng til 6,1 prosent på fylkesmålinga. Også Kristeleg Folkeparti går fram, opp 2,6 prosentpoeng til 8,5 prosent.

Størst oppslutning får Høgre, som får støtte frå 34,4 prosent av dei spurte. Høgre fell likevel 4,3 prosentpoeng frå marsmålinga. Arbeidarpartiet fell 1,8 prosentpoeng til 23,5 prosent. Framstegspartiet går fram 0,9 prosentpoeng til 12,7 prosent. For dei andre partia er det mindre rørsler. Venstre fell 0,4 prosentpoeng til 4,6 prosent, Senterpartiet går fram 0,9 prosentpoeng til 4,4 prosent, og Raudt fell 0,5 prosentpoeng til 1,9 prosent. Kategorien andre parti får samla 0,2 prosent på målinga, eit fall på 1,1 prosentpoeng.

Feilmarginen i målinga er mellom 2 og 4 prosentpoeng. (©NPK)

Usikker på kva du skal stemme? Prøv partitesten vår!