Når vatnet ikkje renn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eitt av sju menneske, eller 884 millionar, har ikkje tilgong til reint drikkevatn. Stadig fleire stader vert tappa for viktige vassressursar og lokalbefolkninga får ikkje tilgong til nok vatn. Omlag ein femtedel av verdas befolkning, 1,2 milliardar menneske, bur i områder kor det er fysisk mangel på vatn. Situasjonen vert verre i takt med at behovet for vatn aukar med folkevekst, urbanisering og aukande vassbehov i hushald og industri.

Vassmangel førekjem og i område kor det er mykje regn og ferskvatn. Korleis vatn vert konservert, brukt og distribuert i samfunnet, og kvaliteten på det vatnet som er tilgjengeleg er med å avgjere om det er nok vatn til å dekke vassbehovet i industrien, landbruket, vanlege hushald og til eit bærekraftig økosystem.

Ein fjerdedel av dei som manglar vatn bur i utviklingsland kor det er vassmangel fordi det ikkje fins infrastruktur til å hente vatn frå elver og akviferer. Vassmangel har ført til ein auke i at avløpsvatn vert nytta i jordbruk i fattige samfunn. Meir enn 10 prosent av verdas befolkning et mat som har vorte irrigert av avløpsvatn som kan innehalde kjemikalar eller sjukdomsbærande organismar.

Vassmangel tvinger folk til å stole på usikre drikkevasskjelder. Låg vasskvalitet kan auke smitterisikoen for diaresjukdommar som kolera, tyfoidfeber, dysentri og andre vassborne sjukdommar. Skittent vatn gjer og at folk ikkje kan bade, vaske kle eller reingjere heimane sine skikkeleg, noko som igjen gjev betre grobotn for smitte og sjukdommar. Vassmangel gjer at mange vel å lagre vatn i heimen sin. Dette kan auke risikoen for at vatnet vert skittent og vert ein plass der mygg, som er bærar av denguefeber, malaria og andre sjukdommar trivst.

Vassmangel understrekar behovet for betre vassforvaltning i verda. Årets Blå oktober-kampanje i Noreg fokuserer på årsaker til og konsekvensar av vassmangel. For ofte ser ein at kombinasjonen av svak nasjonal lovgjeving og pengesterke investorar gjer at nødvendige vassressursar går til storskalajordbruk, gruvedrift eller øydeleggande industri heller enn til å dekke grunnleggande vassbehov hos lokalbefolkninga.

Eit av FN sine tusenårsmål er at andelen menneske utan bærekraftig tilgong til trygt drikkevatn og grunnleggande sanitærtenester skal halverast. Dit kjem ein ikkje så lenge privatisering av vassressursar gjer at det stadig vanskelegare og dyrare for fattige mennesker å få tak i det. Vatn er eit fellesgode og ein menneskerett. Då kan det ikkje vere politisk og økonomisk styrke som avgjer kven som får tilgong til det.

Blå oktober meiner at norske myndigheiter må arbeide for at tilgong til vatn og sanitær vert handsama som den menneskeretten det er. Noreg må sørge for å ikkje investere i industri og næring som tappar utsette områder for viktige vassressursar og auke støtte til utbygging av av vatn- og sanitærtenester. I tillegg må norske myndigheiter føre ein bistands- og utviklingspolitikk som fører til betre forvaltning av vassressursar og som ikkje set økonomiske interesser framfor grunnleggande menneskerettar.

Saka var først publisert hjå FIVAS