Juvente-leiaren reagerer på at rusforskar ber stressa ungdom «slappe av og drikke litt».

mm
Faktaboks

Juvente er ein ungdomsorganisasjon som jobbar for rusfri utvikling, fred, toleranse og like rettar for alle. Medlemmane deira er i hovudsak mellom 13 og 26 år, og har vald ein edru livsstil.

LES FAKTALUKK FAKTA

I Bergens Tidende torsdag råda Sverre Nesvåg, forskingsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse vest (KORFOR) stressa ungdom til å «slappe av og drikke litt».

– Vi er samde i diagnosen, men synest at det er merkeleg medisin som føreskrive, seier Kristoffer T. Holm, leiar av Juvente i ei pressemelding.

 – Medan vaksne kanskje slappar av med pappvin framfor gullrekka, fungerer det annleis for mange ungdomar. Verda til ungdom er under press, og festen er ikkje unntatt frå dette presset. Dermed blir alkohol endå ein identitetsfaktor som skal tilpassast krav og forventningar når det gjeld kor mykje du drikk, når du drikk, kva du drikk, kva slags festar du går på, kven du hengjer med, kva du gjer der og så vidare.

LES OGSÅ: – Norsk ungdom har det sjukt bra

– Dårleg strategi
– Auka alkoholforbruk fører til auke i delen som slit med alkohol, seier Holm. I ei allereie pressa ungdomstid er det merkeleg at nokre ynskjer ein auke i risikofaktorar. Stress, depresjon og låg meistringskjensle blir ikkje kurert med alkohol, snarare tvert imot. Alkohol er ein veldig dårleg strategi for stressmeistring.

– Når det blir drukke meir aukar avstanden mellom dei som lukkast og som held kontrollen, og dei som slit, som får endå ein risikofaktor å bere på vegen mot vaksenlivet, seier Kristoffer.

– Vinklinga utspelet til Nesvåg har fått vil sannsynlegvis i større grad legitimere eit for høgt forbruk hos dei som allereie har det enn det vil oppmode til meir avslapping hos dei som er mest stressa.

LES OGSÅ: Éin av tre butikkar sel øl til mindreårige

Skilnad på vaksne og ungdom
– Det er skilnad på ungdom si drikking og drikkinga til vaksne, fortset Holm.

– Ungdom er meir utsett for skadar, både på kort og lang sikt. Difor har alkohollova 18-års grense for alkoholdrikking, og vi lurer på kven det er tenkt som skal ta på seg å bryte loven ved å lange alkohol til mindreårige viss innspelet skal takast på alvor.

– Ungdom treng ei god ungdomstid, og dette bør òg vaksensamfunnet leggje til rette for, seier Kristoffer.

– Viss ungdomar slit med store problem grunna press og forventningar bør problema løysast, ikkje døyvast, seier Holm. Juvente oppfordrar ungdom til å vente med å drikke til dei er minst 18.

– Jo lenger du ventar, jo mindre sjanse er det for å få problem seinare. Vi er utruleg glade for at det store fleirtalet av ungdom tek ansvar for sin eiga framtid, og ser ingen grunn til at uoppnåelege krav og urimeleg press vil fjernast ved å drikke. Vi er heilt samde i problemskildringa, men synest ungdom fortener betre løysingar, avsluttar Kristoffer T. Holm.

Kva seier du til dette? Bør ungdom slappa meir av? Vil det hjelpa å drikka litt alkohol?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

ANNONSE