– Heile livet har eg hatt angst og slite med den psykiske helsa. Skulehelsetenesta har hjelpt meg på rett veg, og eg er blitt kvitt angsten, seier Ragni Bakkland (20).

Bjarte Brask Eriksen, Hordaland.no
Bjarte Brask Eriksen, Hordaland.no

Ho har fullført vidaregåande skule, byrja i lære hos Statoil Kollsnes og skal bli prosessoperatør. Eit vanskeleg liv er snudd til suksess.

Ragni Bakkland fortel historia si til elevar i første klasse på Bergen maritime videregående skole som ein del av å gjere tilbodet til skulehelsetenesta kjent. Ho takkar skulehelsetenesta på Bergen maritime videregående skole for å ha kome seg gjennom skuletida, blitt kvitt angsten og for å ha fått læreplass.

Gav ikkje blaffen
– Eg sleit med angst og syntest det var vanskeleg å vere på skulen. Om eg ikkje kom på skulen, eller kom seint, så var det ikkje fordi eg gav blaffen, men fordi det var vanskeleg for meg å gå på skulen.

Var flaut
Ragni fortel at ho syntest det var flaut ikkje å lukkast med det ho skulle gjere.

– Eg kunne få slik angst at eg av og til måtte gå heim eller ta lange pausar. Eg trudde eg alltid hadde angst, at eg alltid kom til å gi opp. Men eg fekk hjelp av lærarar, rådgjevarar og helsesyster. Om eg ikkje hadde fått hjelp av dei, hadde eg droppa ut av skulen. No er eg frisk og har ikkje plagene lenger, seier Ragni Bakkland.

LES OGSÅ: – Nosk ungdom har det sjukt bra

– Om eg ikkje hadde fått hjelp, hadde eg droppa ut av skulen, seier Ragni Bakkland (t.v.), som fortalde historia si til elevar på vg1 på Bergen maritime videregående skole. God hjelp har ho fått av elevinspektør  Hege Ommedal, rådgjevar Per Wold, helsesyster Astrid Steinsland og elevinspektør Per Robert Robberstad. Foto: Bjarte Brask Eriksen.

Lærekontrakt
Ragni Bakkland er frå Moss og gjekk vg1 der. Så kom ho til folkehøgskule i Bergen. Deretter vg1 på Bergen maritime videregående skole, og siste året vg2 på kjemiprosess ved Laksevåg videregående skole. Etter at ho fekk lærekontrakten i Statoil Kollsnes, gledde ho seg som ein unge til å byrje.

Skal ta fagbrev
– Om eg ikkje hadde kome gjennom skuleåret på Bergen maritime og gått vg2 på Laksevåg, hadde eg ikkje fått læreplass i Statoil. Vi er seks lærlingar som har byrja der, tre jenter og tre gutar. Læretida er to år. Eg skal bli prosessoperatør og behandle gassen som kjem i land. Planen er å ta fagbrev.

Draumen oppfylt

På Kollsnes går det svært bra for Ragni Bakkland.

– Eg trivest på jobb og har hamna i eit flott skiftlag. Vi blir godt tatt vare på som lærlingar, og eg lærer nye ting kvar dag. Å få læreplass innan kjemiprosess har vore ein draum lenge. Og endeleg å få sjansen er flott. Eg føler meg utruleg privilegert og takknemleg. Eg er rett og slett lykkeleg! seier Ragni Bakkland.

LES OGSÅ: Éin av fem treng hjelp mot depresjon

Det er så vanskeleg
Det var nokre tøffe år fram til der ho er i dag

– Eg møtte psykiske helseutfordringar på skulen. Heile livet har eg slite med angst. Eg sleit med å ha gymnastikk og hadde aldri med gymtøy på skulen. Det var ikkje snakk om at eg skulle pakke gymbagen. Lærarar, rådgjevarar og helsesyster greip fatt i dette. Du kan gå til dei og seie at du klarer det ikkje og at det er så vanskeleg. Det er viktig å seie at du slit. Det er ikkje verdas undergang om du slit. Eg fekk lov til å slite.

Små mål
Med iherdig innsats greidde Ragni å gjennomføre gymnastikk på skulen.

– Først måtte eg øve på å pakke gymtøyet. Eg øvde i fire veker. Så tok eg det med til gymtimen, men der var det ikkje snakk om å skifte. Eg brukte fire veker og fekk skifte når ingen andre var der. Så fekk eg trene i eit eige rom. Så trente eg med dei andre dei siste vekene av skuleåret. Alle rundt forstod meg. Dei pekte ikkje på meg.

Dei lo ikkje av meg. Eg fekk lov til å teste grensene mine. Eg fekk lov til å setje meg små mål, seier ho.

Fekk bra karakter
For Ragni Bakkland var det og vanskeleg å delta i sveisetimane.

– Rommet var trongt og mørkt. Alt knytte seg. Alt gjekk gale når eg kom inn dit. Så fekk eg avtale med kontaktlæraren om å sveise åleine. Då ordna det seg. Eg kunne sveise, og eg fekk bra karakter.

Matematikk
Angsten kunne kome brått og uventa.

– I ein matematikktime fekk eg angst og gjekk ut. Eg sat i 20 minutt og såg på klokka på veggen. Så var eg bra igjen, og eg gjekk tilbake til timen og hadde matematikk.

På hyttetur
Angst opplevde ho og på ein hyttetur med klassen.

– Det var umogeleg for meg å vere der grunna angsten. Då kom tillitsvalde i klassen og spurde kva som skjedde. Vi snakka saman i fem minutt, og vi spela FIFA-spel. Då gjekk det bra, og eg kom tilbake til dei andre.

Til Tyskland
Ragni har og vere utplassert fire veker i ei bedrift i Tyskland. Det gjekk bra.

– I Tyskland var vi fire jenter i eit lite husvære. Heile reisegruppa var samla nesten alle timane i døgnet. Å leve slik i fire veker hadde vore umogeleg berre eit år tidlegare, men det gjekk så godt som knirkefritt og var ein stor personleg siger, seier Ragni Bakkland.

Kom gjennom skulen
Ragni opplevde ein open klasse der dei kunne snakke om problema, og lærar, rådgjevar og helsesyster som greip fatt i saka.

– Vi var fleire som sleit, men klassen var svært open rundt problema. Vi tok vare på kvarandre. Det er viktig ikkje å plage kvarandre med problema. Det er viktig med kva ein seier og gjer rundt ein som slit. Elevane her på Bergen maritime videregående skole er heldige. Det er ein god skule. Her får elevane alltid hjelp. Det er viktig å hugse at her står dørene alltid opne for dei som slit. Eg greidde å gå på skulen. Eg greidde å kome tidsnok, og eg greidde å gjennomføre skulen. Om eg ikkje hadde fått hjelp, hadde eg droppa ut av skulen. Når eg klarte å kome gjennom skulen med dei problema eg hadde, kan kven som helst klare det. Men du klarer det ikkje åleine, seier Ragni Bakkland.

Stolt helsesyster
Astrid Steinsland, helsesyster ved Bergen maritime videregående skole, er svært stolt over Ragni Bakkland.

– Ragni har nok hatt det tøffare enn dei fleste. Ho turte å komme innom å seie frå om det. Då ho fekk råd om korleis ho skulle løyse dette, gjorde ho det, sjølv om det var umogeleg.

Ikkje den einaste
Steinsland seier at Ragni ikkje er den einaste som kan ha det vanskeleg på skulen.

– Statistikken viser at 40 prosent av alle tenåringar kan føle seg triste og nedstemte. 10 til 20 prosent av elevane kan ha psykiske vanskar. Fem prosent av elevane kan trenge hjelp frå spesialisthelsetenesta. Angst er for mange ein normal reaksjon. Det kan vere ein reaksjon på sjukdom, traumatiske opplevingar eller utrygg familiesituasjon.

Ingenting er umogeleg
Steinsland legg og vekt på at mat er viktig.

– Vi ser ein samanheng mellom psykisk og fysisk helse og kosthald. Om ein er meir trøytt enn normalt, ta prat med helsesyster. Ho har teieplikt. Målet er å fullføre skuleåret. Ingenting er umogeleg. Utfordringar er til for å løysast, seier helsesyster Astrid Steinsland ved Bergen maritime videregående skole.

Først publisert på Hordaland.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE