Mindre babyar av luftforureining

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mindre babyar av luftforureining

Foster kan ta skade av luftforureining som er mindre enn EU sine grenseverdiar, ifølgje danske forskarar.

Lite hovud og låg vekt
Faren er at barn veks for lite i magen, og difor vert fødd med for låg vekt, under 2.500 gram etter veke 37. I tillegg kan born verte fødd med for liten omkrins rundt hovudet, skriv Videnskab.dk.

– Låg fødselsvekt kan føre til ei rekkje sjukdommar som luftvegsproblem, kreft og hjartekarsjukdommar. Mindre enn normal hovudomkrins er knytt til låg intelligens. Det er mange born som har teke skade av at mødrene har vorte utsett for luftforureining under graviditeten, skriv studiets førsteforfattar postdoc Marie Pedersen ved Centre for Research in Environmental Epidemiology i Barcelona i ein e-post til Videnskab.dk.

Studiet vart nyleg offentleggjort i det vitskapelege tidskriftet the Lancet Respiratory Medicine.

74.00 kvinner
I studiet har forskarane nytta data frå over 74.000 europeiske kvinner, som har fødd mellom februar 1994 og juni 2011. Informasjonen kjem frå 14 tidlegare studier frå 12 ulike land.

Forskarane fekk tilgang på kvinnenes adresse og kunne slik estimere mengda luftforureining frå mellom anna bilar kvinnene var utsette for.

Særleg auke av små forureina partiklar, under 2,5 mikrometer, i lufta auka risikoen for at borna ikkje vart ferdig utvakse i kropp og hovud.

– Reduserer ein grenseverdien for luftforureining med partiklar på mindre enn 2,5 mikrometer frå den noverande grensa på 25 mikrogram per kubikkmeter til 10 mikrogram per kubikkmeter, kunne ein redusert talet på born som vert fødd med for låg fødselsvekt, med 22 prosent, seier Pedersen.

– Våre resultat er ein klar beskjed til politikarane om, at dei må gjere tiltak for å betre lufta me alle deler, skriv medforfattar i studiet, professor John Wright, i ei pressemelding.