Det er ikkje kvar dag at VG har førstesideoppslag på nynorsk. Denne veka var det debatt om språkmangfaldet – eller mangelen på dette – i norske aviser.

mm

– Språkleg einsretting pregar dei fleste store avisene, særleg Aftenposten, VG og Dagens næringsliv, seier forfattar Kjartan Fløgstad, som under ein debatt denne veka utfordra representantar frå medie-Noreg på språkleg mangfald i dei store avisene.

LES OGSÅ: Avis beklagar nynorsk

– Spesiell sak
Som eit oppløftande døme dreg ordstyrar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn fram ei nesten fersk VG-framside der jenta i Vågå-saka fortel si historie – på nynorsk. Artikkelen oppslaget peikar mot er eit utdrag frå journalist Jon Gangdal si nyleg utgjevne bok.

– Er det ein menneskerett å skriva nynorsk i VG, spør Gregoriusdotter Rotevatn.

– No er denne saka spesiell, sidan Vågå-dialekta og forklaringa av enkelte ord har fått ei viktig rolle, meiner Kjersti Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund og peikar på at det difor kan vere vanskeleg å samanlikne denne saka med andre VG-oppslag.

Saman med redaktør i Dagbladet John Olav Egeland og NRK sin ferske språksjef Ragnhild Bjørge stilte den tidlegare Aftenpostenredaktøren til debatt om språkleg mangfald i avisene.

Det er gjerne redaktørplakaten og redaktørens suverenitet som vert nytta som argument når redaksjonar opererer med “nynorskforbod”.

LES OGSÅ: Avisa Nynorsk er størst

– Lite å bidra med
Norsk journalistlag og Norsk redaktørforening takka begge nei til å stille på debatten som denne veka vart arrangert av Det norske teatret og Nynorsk kultursentrum, i anledning teateret sitt 100-årsjubileum.

– Norsk journalistlag har ikkje nokre haldningar til språkbruk. NJ sine medlemmer har full fridom til å engasjere seg i dette, men me har lite å bidra med i denne debatten, les Fløgstad frå e-posten der Thomas Spence, leiar i Norsk journalistlag, takkar nei til invitasjonen.

– Ein skulle tru at journalistlaget ville kjempe for dei som skriv nynorsk, men det er lite som tyder på det, meiner Fløgstad, som då peikar på at kampen vert opp til kvar enkelt nynorskjournalist.

Men at spørsmålet om språkleg mangfald i media aldri har vorte reist hjå Norsk journalistlag vil ikkje Berit Rekve, leiar i Mediemållaget vere med på, og viser til landsmøtet i 2009.

LES OGSÅ: Nynorskbrukarar takkar BT

Nynorske kommentarar
Fløgstad peikar på at nyheitsjournalistar som skriv nynorsk vert stengd ute frå fleire av dei toneangivande avisene i Noreg, medan det på kommentarsidene er det noko meir språkmangfald å spore.

Forfattaren meiner fleire aviser bør gjere som Bergens Tidende, Klassekampen, Vårt Land, Nasjonen, Morgonbladet og til ein viss grad Dagsavisen, å opne opp for nynorsken.

Førre veke omskreiv Dagbladet ein e-post frå Noregs fremste nolevande nynorske lyrikar, Jon Fosse, til bokmål. Avisa slepp berre nynorsk til i spaltene.

– Den språklege tradisjonen i Dagbladet stammar frå ei tid med eit strengare synspunkt på språk og at det at det tidlegare var ei Osloavis, forklarar redaktør Egeland, som trur dei hadde fått reaksjonar om dei hadde meir nynorsk.

– Språkdebatten er ei heit potet, konstaterer Egeland.

LES OGSÅ: Urolege for bokmålstvang

Vågå-dialekta
I 2004 vart kjærleik kåra til vakraste norske ord av VG sine lesarar, likevel har ikkje avisa rom for nynorsk i nyheitsstoffet. I fjor kom den same tabloidavisa i skade for å omsetje eit 22.juli-dikt av Frode Grytten til bokmål, men dei retta seg etter kritikken og publiserte det så på nynorsk.

Eit medium som har ei særstilling når det gjeld sameksistens mellom dei to målformene er statskanalen NRK, der Ragnhild Bjørge nyleg starta i stillinga som språksjef. Men heller ikkje der er alt rosenraudt.

– Me har hatt saker der vaktsjefar ikkje vil lese gjennom saker på nynorsk fordi det er eit tullespråk. Det har og vore tilfelle av kampanjar med lesarbrev når ein redaksjon har tillsett ein nynorskjournalist, fortel Bjørge.

Sjølv om ikkje NRK på alle område klarar å innfri 25 prosentregelen, med minst 25 prosent av kvar målform har det vore ei auke dei seinare åra.

LES OGSÅ: NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

Klagar ikkje på Kalvø
Den ferske språksjefen trur ikkje målforma har noko å seie, dersom språkbruken er god.

– Då Yr starta opp var det 75 prosent av innhaldet på nynorsk og etter kort tid hadde dei ein million brukarar, fortel Bjørge.

Ho får støtte av Løken Stavrum:

– Ingen har klaga etter at Are Kalvø vart spaltist i Aftenposten. Det folk derimot klagar på er dårleg språk.

Ifølgje Egeland skal ein ikkje spå mediene meir enn tre år fram i tid. Likevel er både Ragnhild Bjørge og Kjartan Fløgstad optimistiske med tanke på det språklege mangfaldet i media framover.

Løken Stavrum og Egeland er meir tvilande til om nynorsken vil få større plass i avisene om ti-femten år.

– Det er meir sannsynleg at ein får ein brokete blanding med kebabnorsk og a-endingar, meiner Kjersti Løken Stavrum.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE