Åtvarar Solberg-regjeringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verken påtroppande statsminister Erna Solberg (H) eller Frp-leiar Siv Jensen ville måndag formiddag seia noko om kva endringar dei vil gjera i statsbudsjettet som Johnsen la fram.

– Det høyrest ut som eit budsjett der det er brukt mange pengar, sjølv om delen oljepengar har gått ned, er den knappe kommentaren påtroppande statsminister Erna Solberg (H) gjev til forslaget til statsbudsjett.

Frp-leiaren og ein av favorittane til å ta over i Finansdepartementet, Siv Jensen, varslar at ho vil gå nøye gjennom budsjettet.

– Eg er sikker på at vi vil finne ting vi er samde i og ting vi er usamde i, seier Siv Jensen.

LES OGSÅ: Meir til kommunane

Oljepengar
Den avtroppande regjeringa legg opp til å bruka 135 milliardar oljekroner neste år. Det er 10 milliardar meir enn i år, men likevel 54 milliardar mindre enn det handlingsregelen tillèt.

Det er ein pengebruk på 2,9 prosent av verdien til oljefondet. Utgiftene til statsbudsjettet utanom olja er totalt på 1.084 milliardar kroner. Finansministeren brukte den siste finanstalen sin til å åtvara den komande regjeringa.

– Sjølv ikkje vi har «råd til alt» kvar gong nye krav, problem og utfordringar kjem på banen. Alle rekningane må betalast, anten i dag eller i åra som kjem. Difor må vi vera opne om kor mykje pengar vi brukar. Det er ikkje mogleg å bokføra seg vekk frå utgiftene. Vi må ha mot og evne til å prioritera det som er viktigast innanfor ansvarlege budsjettrammer, sa Johnsen med klar adresse til dei blåblå.

Han la vekt på at budsjettet for 2014 ikkje må gjera det endå vanskelegare for konkurranseutsette verksemder og meiner at budsjettforslaget er godt tilpassa ein situasjon der kapasitetsutnyttinga er nær det normale, men der kostnadene til næringslivet og gjelda til hushalda har komet opp på eit høgt nivå.

LES OGSÅ: Innfrir kulturløftet

Høg sysselsetting
Den avtroppande finansministeren viser til at produksjon og sysselsetting i fastlandsøkonomien har teke seg godt opp i Noreg etter finanskrisa.

– Det er no sysselsett 85.000 fleire personar enn ved toppunktet før finanskrisa, seier Johnsen.

Han reknar med at veksten i fastlandsøkonomien i år blir litt under snittet for dei siste 40 åra og litt over snittet neste år.

– Arbeidsløysa er låg, både samanlikna med andre land og med historiske tal for Noreg, seier Johnsen.

Han reknar med at budsjettforslaget vil verka omtrent nøytralt på produksjon og sysselsetting.

Dyrare flyreiser?
Flyreisene kan bli dyrare frå neste år, då regjeringa vil auka CO2-avgifta med 110 kroner per tonn, til 330 kroner. I tillegg blir det varsla ei omlegging til meir bruk av grøne avgifter for bilar, gjennom mindre avgift på motorkraft og meir avgift på utslepp.

Som venta føreslår regjeringa i statsbudsjettet å auka botnfrådraget for både arveavgift og formuesskatt til 1 million kroner. Dette vil redusera talet på dei som må betala arveavgift med 65 prosent. Med auka botnfrådrag kjem berre 14 prosent til å måtta betala formuesskatt.

Den avtroppande regjeringa legg opp til at kommunane skal få ein reell inntektsvekst på 7,7 milliardar kroner i 2014, der 5,2 milliardar kroner er auka frie inntekter.

– Dette skal sikra framleis vekst i dei kommunale tenestene, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp). (©NPK)

Les siste nytt om statsbudsjettet her!