NTNU strengast med karakterane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NTNU strengast med karakterane

Karaktersettingspraksisen mellom instutisjonar som tilbyr høgare utdanning i Noreg varierer så mykje at karakterar gjev avgrensa informasjon om studentane sine ferdigheiter samanlikna på tvers av institusjonar, kjem det fram i ein rapprt gjort av Senter for økonomisk forsking (SØF), på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

LES OGSÅ: Unge med høg utdanning økonomisk sårbare

I snillaste laget
I tillegg til NTNU er det vanskeleg å få gode karakterar ved Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og Noregs handelshøgskole (NHH). Institusjonar som har dei høgste inntakskarakterane, er altså dei med strengast karaktersettingssystem.

Karakterane sett ved Høgskulen i Ålesund  (HiAls) og Høgskulen i Molde (HiM) var dei som traff best ifølgje forskarane, medan Høgskulen i Nord-Trøndelag (HiNT) og Høgskulen Stord-Haugesund (HSH) var i snillaste laget når dei gav karakterar.

LES OGSÅ: Over halvparten har høgare utdanning

– Ei utfordring
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen peiker på at resultata er ei viktig utfordring for Universitets- og høgskulerådet, som har ansvaret for å valta bruken av karakterskalaen.

– Ein slik rapport er ikkje nok til å konkludera, men det er eit interessant innspel til arbeidet med den komande stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning, seier kunnskapsministeren i ei pressemelding frå departementet.

Forskarane freista å finne ut om karakterar kunne gje informasjon om studentane si læring, men konkluderer med at det er behov for meir forsking på området.