Distriktspolitikk til Brussel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Distriktspolitikk til Brussel

– Eg fryktar ingen ting, men er her for å unngå at vi skal få noko å frykte. Vi ønskjer å halde på ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift som i dag, seier Navarsete om møtet i EFTAs overvakingsorgan ESA torsdag.

Det var endra EU-retningslinjer for regionalstøtte som fekk henne til å reise til EU-hovudstaden. ESA skal i haust vedta nye retningslinjer for EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein som er i tråd med desse endringane.

Navarsete meiner EU har gjort ei innsnevring som kan få konsekvensar for den norske ordninga med lågare arbeidsgjevaravgift i distrikta. Det er skapt uvisse, meiner kommunal- og regionalministeren.

LES OGSÅ: Slik vil distriktsfylka få deg heim

Magekjensle
I verste fall kan tolkinga av dei nye reglane innebere at ordninga med lågare avgift berre kan halde fram i Hedmark, Oppland og dei tre nordlegaste fylka, ifølgje Navarsete. Ho snakkar då om konsekvensar for fleire tusen arbeidsplassar i distrikta.

Men Navarsete hadde fått ei betre magekjensle etter møtet med ESA-leiar Oda Helen Sletnes i Brussel torsdag.

– Noreg peikar på nokre moglege uklare punkt i tolkinga av det EU-kommisjonen vedtok før sommaren. Vår vurdering er at det i utgangspunktet ikkje blir lagt opp til å endre den situasjonen vi har i dag, seier Sletnes til NTB.

– Men vi er einige i at dette godt kan presiserast, og vi vil gå vidare med ei løysing på det i samarbeid med EU-kommisjonen, seier ho og trur på «gode løysingar».

LES OGSÅ: Meiner regjeringa har svikta turismen i distrikta

– Ikkje valkamp
Den differensierte arbeidsgjevaravgifta er ei viktig Sp-sak, men Navarsete seier det var tilfeldig at Brussel-turen kom midt i valkampinnspurten i Noreg.

– Det er det faktisk. Signalet var at avgjerda skulle komme veldig raskt. Dette er ei viktig sak for Noreg, og då var det viktig for meg som ansvarleg statsråd å leggje fram vårt syn, seier ho.

– Dersom ikkje norske interesser blir imøtekomne, og eg ikkje hadde vore her i dag, trur eg nok eg hadde fått massiv kritikk. Og rettkomen kritikk, held ho fram.

I det norske svaret til forslaget frå ESA argumenterer regjeringa for framleis fleksibilitet og ei tolking som tilseier at det norske systemet kan haldast ved lag. Det er eit spelerom Noreg fekk gjennomslag for i 2006, og som Navarsete håpar framleis skal vere mogleg i dei nye retningslinjene ESA skal vedta i haust.

LES OGSÅ: – Viktig å tenkja som region

Støtte
Den differensierte arbeidsgjevaravgifta er eit distriktspolitisk tiltak som har brei politisk støtte i Noreg.

Medan bedrifter i distrikta har lågare eller inga avgift, betalar bedrifter i sentrale strok full avgift. Det er meint å jamne ut forskjellar og hindre fråflytting, og i alt er det snakk om avgiftskutt verdt 13 milliardar kroner.

EØS-avtalen gir Noreg tilgang til den indre marknaden i EU, og det er ESA som fungerer som vaktbikkje når det gjeld å halde reglane i avtalen. Når EU vedtar nye reglar som får betydning for det indre marknaden, fører det også til endringar i EØS-reglane.

Dei nye retningslinjene for regionalstøtte trer etter planen i kraft 1. juli neste år. (©NPK)

Faktaboks

Differensiert arbeidsgjevaravgift

  • Arbeidsgjevaravgifta, som er den avgifta arbeidsgjevarar betaler på lønskostnader, er ulik frå region til region. Det inneber at landet er delt inn i ulike arbeidsgjevaravgiftssonar, der det blir betalt lågare satsar i distrikta enn i sentrale strok.
  • Etter pålegg frå EFTAs overvakingsorgan ESA vart ordninga med regionalt differensierte satsar vesentleg innskrenka etter 2003.
  • I 2007 vart nedsette satsar gjeninnført i mesteparten av området som tidlegare hadde nedsette satsar. Satsane er no dei same som i 2003, med unntak for Tromsø og Bodø, som har fått ein noko høgare generell sats. Nokre kommunar har ikkje fått gjeninnført ein generelt nedsett sats, men har i staden fått redusert arbeidsgjevaravgiftssats innanfor ei fribeløpsgrense. Fribeløpsgrensa vart nær fordobla i 2007.
  • Ordninga er godkjent av ESA fram til utgangen av 2013.

Kjelde: Kommunal- og regionaldepartementet