Meiner regjeringa har svikta turismen i distrikta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sviktar distrikta

Arbeidsgjevarorganisasjonen Virke er ikkje nøgd med reiselivssatsinga til regjeringa, og vil gi ansvaret for reiseliv til Liv Signe Navarsete.

Situasjonen for distriktshotella er alarmerande, og reiselivsstrategien til regjeringa har slått feil, meiner Virke. For åtte år sidan slo den raudgrøne regjeringa fast i Soria Moria-erklæringa at reiseliv skulle vere eit satsingsområde, og ansvaret vart lagt til Nærings- og handelsdepartementet, skriv Nationen.

Hotelldød
– Det at regjeringa ville satse på reiseliv var veldig gode nyhende for åtte år sidan. No ser vi at satsinga ikkje har gitt gode nok resultat. Det er for lite ressursar og koordineringa er for dårleg. Det inneber ikkje at det ikkje er betre enn det var for åtte år sidan, men det er langt ifrå nok, seier reiselivsdirektør Hilde Charlotte Solheim i Virke til Nationen.

Ho peikar på at det særleg er turistnæringa i distrikta som slit.

– 40 prosent av distriktshotella går med underskot, og det er stor hotelldød. Vi har ein posisjon som naturbasert reisemål, og difor er det viktig å rette søkjelyset mot naturressursane og kulturarven som vi nettopp har i distrikta, seier Solheim.

Beintøft
– Petter Stordalen treng ikkje hjelp til å drive hotell på Gardermoen, det klarer han bra sjølv. Men distriktshotella er i ein beintøff situasjon, seier Solheim.

Virke har lagt fram forslaget om å overføre reiselivssatsinga til Kommunal- og regionaldepartementet for statsråd Liv Signe Navarsete (Sp). Kommunalministeren seier til Nationen at det ikkje er naturleg for henne å kommentere forslaget no, men er optimist på vegner av distriktsturismen. (©NPK)