Grillar politikarar om nynorsk

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folk kjenner gjerne Vebjørn Sture som leiar for Målungdomen og som medforfattar av boka "Kva skal vi med sidemål". På torsdag skal han vere debattleiar i Bergen på "Nynorsk showdown", kanskje den siste språkdebatten før valet.

Sjølv slit han med å kome på svært gode språkdebattar frå Språkåret.

– Audhild Gregoriusdotter Rotevatn sitt intervju med Gunnar Skirbekk på Dei nynorske festspela var over gjennomsnittet interessant, sjølv om det kanskje ikkje kvalifiserer til "debatt", akkurat.

– Men spør meg igjen om nokre dagar, så kan eg vonleg leggja til nynorskdebatten i Bergen.

– Langsamt på svak varme
I debattomtalen til "Nynorsk showdown" vert Sture nærast omtala som ein grillmeister som skal "grille" deltakarane, som er representantar frå alle ungdomspartia.

Det luktar svidd etter du er ferdig med dei?

– Å "grilla" ein politikar er vel ein vanleg metafor for å gå politikken deira etter i saumane, og prøva å få dei til å svara for han. Og då skal det gjerne kjennast litt varmt under føtene for dei.

Politikarane bør grillast «langsamt på svak varme», skjemtar Sture, som innrømmer at han ikkje har ein spesiell retorisk strategi når han førebur seg til å leie debattar.

– Eg skriv ikkje noko manus, og puggar lite. I staden førebur eg meg ved å tenkja mykje på kva emne dei ulike partia bør svara for før dei får sleppa heim, og så prøver eg å leia debatten slik at me kjem innom mesteparten av det me skal.

Men det er kanskje visse typer argumentasjon som det går an å førebu seg på at deltakarane slenger på bordet i ein nynorskdebatt?

– Eg tippar me kjem til å få høyra at det er betre for elevane å konsentrera seg om hovudmålet, at det ikkje er naudsynt å læra seg «to versjonar av norsk», og at «tvungent sidemål» skapar uvilje mot nynorsken.

Og leiaren i Målungdomen er klar på kva for side av politikken han forventar visse argument frå.

– Det vel ingen løyndom at det i hovudsak er H og FrP som oftast framfører desse argumenta, seier han.

– Kan skape sympatibølgje
Målsak er ikkje det som vert diskutert oftast, og når det skjer, er det i følgje Sture gjerne for korte tidsrammer til at diskusjonane vert særleg gode.

– Det vert ofte oppramsing av slagord.

Er du samd med dei som meiner at slike debattar for ofte er prega meir av kjensler enn prinsipiell argumentasjon, eller treng ein kjenslene for å engasjere folk om målsaka?

– Den påstanden kjem sjeldan frå nokon med særleg god kjennskap til språkdebatten. Ofte får eg inntrykk av at det å spele på kjensler er ein lettvint måte å kokettera seg bort frå dei spørsmåla ein ikkje klarer å svara på, ved i staden å umyndiggjera den som stiller spørsmåla, forklarer han.

– Å spele på kjensler kan kanskje skapa ei sympatibylgje, men du bør ha politisk substans for å skapa varig engasjement, forklarar han.

– Ikkje fødd scenevand
Korleis trur du ein oppnår ein god debatt og unngår ein typisk skyttargravskrig om "for eller mot nynorsk" i slike samanhengar?

– Er ein av debattantane negativ til nynorsk i seg sjølv, vil det skina ganske fort gjennom. Samstundes finst det naturlegvis også politikarar som er genuint glade i nynorsk, men som oppriktig trur at valfritt sidemål vil vera bra for nynorsken. Dei kan likevel hamna i «for/mot nynorsk»-ordvekslingar, dersom nokon andre i panelet byrjar å grilla dei om kva praktiske konsekvensar til dømes valfritt sidemål vil få for nynorsken.

– I debatten i Bergen skal eg (etter beste evne, i alle fall) prøva å stilla vanskelege spørsmål, ikkje nødvendigvis koma med heile fasiten.

Sture har vore debattleiar ved fleire høve tidlegare, og kjenner seg sjeldan nervøs under lyskastarane. Men slik har det ikkje alltid vore.

– Så lenge det handlar om nynorsk er eg godt innanfor komfortsona mi, men eg skal ikkje lata som om eg vart fødd scenevand, og veit godt kva slags nervøsitetskjensle du tenkjer på.

– Det kostar meg ikkje noko å stå framfor folk og leia ordet og styra debattar og slikt no, men det ville gjort det for nokre år sidan, forklarer han.  

– Ulike hjartesaker
At mange let seg provosere og engasjere av språkspørsmål og sidemålsdebatt, er ei underdriving, men Sylfest Lomheim har uttalt at han trur skiljet mellom eit mindretal nordmenn som bryr seg mykje om språk og eit uinteressert fleirtal, blir stadig større.

Og Vebjørn Sture har forståing for at språk ikkje alltid er det viktigaste politiske spørsmålet for folk.

– Det trur eg varierer veldig frå person til person, fordi folk flest har ulike hjartesaker. Somme er mest opptekne av samferdsle, andre av fiskeri – og så veit eg at der også finst ein god porsjon som tykkjer språkpolitikk er viktig.

– Me kan jo håpa det vert endå nokre fleire av dei etter språkdebatten på torsdag, avsluttar Sture.