To av fem synest unge er late
Mange meiner dagens ungdom er late og bør læra av svenskane. Halvparten av dei mellom 16 og 29 vil ha deltidsjobb, men blir skvisa ut av nettopp svenskane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Meiner norsk ungdom er late
Ei ny undersøking viser at to av fem synest dagens ungdom er latare enn før. Éin av to meiner dei bør læra av arbeidsinnsatsen til svenskane.
LES OGSÅ: Forskarar: – Arbeid for trygd verkar
Latskapsmyte
Samtidig vil dei unge gjerne jobba. 63 prosent av dei mellom 16 og 29 år seier at dei ønskjer ein deltidsjobb, ifølgje undersøkinga som er gjort av Norstat. Det skriv Dagens Næringsliv.
– Me vil gjera noko med denne latskapsmyten som politikarar og andre speler på. Det er eit sprik mellom samfunnsdebatten og det me ser i praksis, seier kommunikasjonsleiar Sverre Simen Hov i Lederne.
Blant dei yngste er problemet at det ikkje finst jobbar. Det er færre jobbar for dei utan fagbrev og høgare utdanning.
LES OGSÅ: – Ungdom i Europa må reddast
Svenskar skviser ut dei yngre
Ei masteroppgåve i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo, skriven av Camilla Schjetlein Sundt for Frischenteret, undersøkte om arbeidsinnvandring frå Sverige fortrengte norsk ungdom. Konklusjonen var at svenskane har ein monaleg negativ innverknad på om norsk ungdom i 17-årsalderen er i jobb eller ikkje. Innvandringa ramma dei yngste hardast, fordi ho hovudsakleg førte til ei fortrenging av førstegongsjobbsøkjande.