Regjeringa på Færøyane vil starte forhandlingar med EU for å kunne slutte seg til den indre marknaden.

NPK-NTB
NPK-NTB

Strid om sildekvotane til Færøyane har ført til ein diplomatisk konflikt med EU som har vart i fleire månader. EU har varsla forbod mot import av færøysk sild, men det har ikkje lagt nokon dempar på forhandlingsviljen til Ferøyane.

– Når vi har løyst sildesaka, går vi direkte inn i forhandlingar med EU om å få ein ny avtale, seier regjeringssjef på øyane, lagmann Kaj Leo Holm Johannesen, til den danske avisa Politiken

Færøyane er ein del av kongeriket Danmark, men har omfattande sjølvstyre og er ikkje medlem av EU.

Den danske statsministeren Helle Thorning-Schmidt har førebels ikkje kommentert utspelet frå Johansen. Men etter det Politiken kjenner til, er regjeringa i København villig til å hjelpe til om Færøyane ynskjer ei anna tilknyting til EU. 

LES OGSÅ: Unge Venstre vil ha eigen EU-minister

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45
ANNONSE