Vil likestille nynorsk og bokmål i Grunnlova
Sp-leiar Liv Signe Navarsete meiner at dei stadige angrepa på nynorsken gjer det nødvendig å få inn eit vern for språkforma i Grunnlova.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Krev likestilling i Grunnlova
Nynorsk og bokmål blei sidestilte som språkformer i 1885, og i mållova står det at bokmål og nynorsk skal vere likeverdige språk.
Men Sp-leiaren meiner at dette ikkje er godt nok og vil derfor grunnlovsfeste likestilling av dei to målformene, skriv Bergens Tidende.
– Vi ser jo kva som kjem frå partia på høgresida. Dei ønskjer så til dei grader å svekkje nynorsken, dersom dei får makt til å gjere det, seier Navarsete. Ho peiker på at samisk har eit slikt vern i grunnlova og meiner at dette er med på å gi samisk språk og kultur spesiell merksemd i det politiske miljøet.
QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?
Usemje
Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, er, ikkje overraskande, positiv til Navarsetes forslag, og er einig i at nynorsk ikkje står sterkt nok i lovverket.
Viseformann Arve Waage i Bokmålsforbundet er sjølvsagt av motsett oppfatning. Han seier til avisa at dette er heilt unødvendig og meiner at nynorsk er grovt favorisert i samfunnet i dag.
Kva meiner du? Bør språkleg likestilling mellom nynorsk og bokmål grunnlovsfestast?