Aborttala blant kvinner mellom 25 og 34 år aukar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Legar og rettleiarar meiner fleire tek abort på grunn av karriere eller usikker arbeidssituasjon.

– Vi ser at kvinner oppgir prestasjonspresset i arbeidslivet som ei årsak til at dei ynskjer abort. Utviklinga viser at kvinner i starten av ein jobbkarriere i større grad ser på barn som ei hindring for inngang til arbeidslivet, i staden for å sjå på familieauke som er ein naturleg del av etableringsprosessen, seier rettleiar Vivi Helen Skreppedal i rettleiingstenesta Amathea til VG.

Professor Anne Eskild ved Kvinneklinikken ved Akershus universitetssjukehus ser også denne tendensen.

– Mi oppfatting er at mange kvinner ikkje tør å verte mor fordi dei ikkje har arbeid, eller har eit arbeidsforhold som ikkje er tilrettelagt for familieauke, seier ho.

LES OGSÅ: Færre tenåringar tek abort

Medan aborttala blant tenåringar går ned, har abortar blant kvinner mellom 25 og 34 år auka dei siste åra.

– Vi har lukkast med å få ned aborttala for tenåringsjenter, medan aborttala for dei andre aldersgruppene framleis er ei utfordring. Det er nærliggjande å tru at mange kvinner i dag planlegg å få barn først etter at dei har opparbeidd seg sosiale rettar, seier konstituert avdelingsdirektør Marta Ebbing ved Avdeling for helseregister ved Folkehelseinstituttet til VG. (©NPK)

LES OGSÅ: Åtvarar mot sterkt abortpress

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE