Til veggs om skulen
Korleis skal norsk skule bli verdas beste? Sjå AUF og FpU kjempe om skulepolitikken her.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Må svara om skulepolitikken
Framtida.no lét Elevorganisasjonen setje politikarane til veggs om skulepolitikk. Elevorganisasjonen arbeider til dagleg med politikk. Dei har over 350 medlemskular og kjempar for rettane til elevar på både ungdomsskulen og vidaregåande.
Dei valde å utfordre leiar i AUF Eskil Pedersen og leiar i Framstegspartiets Ungdom Himanshu Gulati på skulepolitikk. Her kan du sjå kva dei svarte:
Elevorganisasjonen: Kva er dei mest positive og negative sidene ved privatisering av skulen?
Eskil Pedersen, AUF: – AUF meiner det er flest negative sider ved å privatisere skulen. Privatisering vil føre til ei oppdeling av skulestrukturen basert på prestasjonar, økonomi og sosial bakgrunn. Når ein privatskule startar vil dette føre til at nokre elevar flyttar over dit. Dette er ofte dei elevane med foreldre som har ressursar til å hjelpe barna sine til å vere på “skulejakt”. Private skular vil også kunne forhandle lønn til lærarane som ligger over det offentlige. Då sit vi igjen med ein skule som har betre lærarar, og etter kvart elevar med meir ressurssterke foreldre. Dette tappar den offentlige skulen for både flinke lærarar, ressurssterke elevar og pengar frå kommunen som har følgd elevane til privatskulen. Resultatet er ein dårlegare offentleg skule.
– Det vil så klart vere huggeleg for dei som har råd til å gå på privatskule, at dei kan gå i nye, flotte skulebygg og ha råd til å headhunte dei beste lærarane, men for dei resterande vil kvaliteten på skulen bli dårlegare.
– Det er òg ein reell fare for at private skular kan gå konkurs, også midt i skuleåret. Dette skjedde i Sverige. Dette skaper store problem både for elevane, men òg for det offentlege skulesystemet som plutseleg må ta imot fleire tusen elevar ekstra.
Himanshu Gulati, FpU: – Eg må først presisere at FpU ikkje ønskjer å privatisere skular. Vi ønskjer at elevane skal ha valfridom til å velje mellom private og offentlige skular, og at det offentlege skal betale for utdanninga på den skulen eleven sjølv ønskjer.
– Dette vil føre til auka konkurranse mellom skulane for å tiltrekke elevar, noko som fører til eit betre tilbod til elevane, ettersom skulane vil måtte konkurrere om å vere best.
– Medan det i dag er slik at det er dei rike som kan velje privatskular, vil vår politikk føre til at folk kan velje mellom offentlige og private skular uavhengig av storleiken på lommeboka si.
LES OGSÅ: Vil ha ny debatt om privatskulane
Elevorganisasjonen: Korleis skal ein sikre at yrkeselevar får læreplass, når dei skal ut i lære?
AUF: – AUF vil at alle skal ha rett til læreplass. Det tyder at det offentlege skal ha ansvar for å hjelpe deg til å få ein læreplass, eller ei alternativ ordning. På same måte som ein har rett til å starte på vidaregåande skule, bør ein har rett til å fullføre vidaregåande. Vi vil auke læretilskotet. Vi vil i sterkare grad forplikte partane i arbeidslivet til å ta inn fleire lærlingar.
– I det offentlige vil vi at det skal vere ein lærling per tusen innbyggar i kommunen. For dei som eventuelt framleis ikkje får læreplass vil vi opprette elevføretak og meir praksis i undervising, slik at ein i skulens regi kan fullføre fagbrevet innan normert tid.
– Når eleven så har fagbrev, meiner vi at han skal reknast for studieførebudd. Dette er fordi ser at mange yrkesfagselevar i dag hoppar av yrkesfag for å ta allmenn påbygg. Her droppar mange ut, fordi dette er eit ekstremt tøft år. Ved å gje dei som har fagbrev mulegheit til å ta høgare utdanning vonar vi fleire kjem til å gjennomføre fagbrevet sitt som planlagt, deretter vil fleire kunne ta høgare utdanning.
FpU: – Vi må stille oss spørsmålet kven det er som skaper lærlingplassar. Det er føretaka som tilset lærlingar, og FpU ønskjer derfor å gjere det billigare og enklare å tilsette lærlingar ved å fjerne lærlingskatten og avgifta dei betaler for å få tilsette lærlingar.
– Dette vil føre til at føre til at eit fylke med tusen lærlingplassar kan få 114 plassar ekstra utan at føretaka treng å betale ei krone meir.
– Sist men ikkje minst ønskjer vi å auka lærlingtilskotet til føretaka.
LES OGSÅ: Gir elevane rett til påbygg etter fagbrev
Elevorganisasjonen: Korleis skal ein få best utbytte av undervisingsevaluering, og meiner de at dette er noko vi trenger i skulen i dag?
AUF: – AUF er for meir evaluering av undervisinga enn vi har i dag. Eleven skal få gje tilbakemeldingar om skulekvardagen sin, og dette inkluderer læraren. Vi er likevel skeptiske til framlegg frå høgresida som nærast liknar at elevane skal få kasta terning på lærarane. Vi er òg skeptiske til å publisere resultat frå testar og evalueringar, i den hensikt å lage rangeringar og “topp 10” lister i avisene.
– Vi trur evaluering skjer best lokalt, og at eit godt samarbeidsklima mellom lærarar, elevar og foreldre blir skapt når kvar einskilde skule kan nytte resultata frå evalueringa av undervisinga til å forbetre seg der det finst forbetringspotensiale. Eit døme på undervisingsevaluering som skulene bør starte med, er fagfellevurdering.
FpU: – Sjå føre deg at du skal halde ein presentasjon for to hundre personar, men etter presentasjonen får ingen lov til å fortelje deg korleis dei tykte du gjorde det. Slik er den norske skulen i dag.
– Det er heilt vilt at elevane, dei skulen er meint for, ikkje har nokon systematisk moglegheit til å kome med evalueringar og attendemeldingar til lærarane som underviser heile skulegongen deira. Anonyme lærarevalueringar eit par gangar i året er heilt avgjerande for å gje lærarane høve til å forbetre det dei er dårlege på og gjere meir av det dei er flinke til.
Les også: – Gå til rektor med håplause lærarar
Elevorganisasjonen: Vi meiner at det i kortare periodar skal vere mogleg å differensiere undervisinga, dersom det er pedagogisk forsvarleg. Kva meiner de om nivådifferensiering?
AUF: – AUF er samd med Elevorganisasjonen i at det i kortare periodar skal vere mogleg å differensiere undervisinga. Opplæringslova opnar i dag for slik nivådeling dersom det er pedagogisk forsvarleg. Dette blir gjennomført enkelte plassar i dag, men er omstridt. AUF meiner vi skal vere forsiktig med å nivådele undervisinga. Vi vil likevel ikkje endre lova sånn ho er i dag, men seie nei til å innføre nivådeling som norm.
–Dette er fordi effekten av dette i høy grad er omstridt. Forsking syner at den beste måten å løfte det samla kunnskapsnivået til elevane på er å ha felles klassar med felles undervising, fordi elevane då lærar av kvarandre.
– Det er viktig å ikkje undervurdere kor mykje elevar lærar av kvarandre på det sosiale plan, av å gå i same klasse og på same skule, uavhengig av økonomi og kunnskapsnivå. Mykje av omstillingsevna i norsk næringsliv, og kulturen for samarbeid mellom store samfunnsaktørar, skuldast at menneske forstår og kjenner kvarandre. Skaper vi eit samfunn med eigne klassar og eigne skular for ein spesiell type menneske eller for ei gruppe, kan vi risikere å øydelegge noko av limet i samfunnet.
FpU: – Dersom eg skulle bli flink i fotball hadde det ikkje vore lurt av meg å gå på same treningsøkt som Ole Gunnar Solskjær. Eg hadde lært mykje meir av å trene på eit lågare nivå, for så å bygge meg oppover.
– På same måte er det destruktivt for undervisinga at elevar som slit litt i, til dømes matte, ikkje får ny gjennomgang og får lov til å meistre det grunnleggande i faget før dei må lære endå meir avanserte ting saman med resten av klassa.
– Dersom vi ønskjer at flest mogleg skal bli flinkast mogleg i den norske skulen, er det heilt avgjerande at alle får undervising på sitt eige nivå.
LES OGSÅ: Vil skilja flinke og svake elevar
Elevorganisasjonen: Kan de nemne tre konkrete tiltak for å få verdas beste skule?
AUF: 1. Betre og fleire lærarar. Arbeidarpartiet vil doble innsatsen for etter- og vidareutdanninga av lærarar. Vi lovar at 3500 lærarar skal få vidareutdanning kvart år om vi vinner valet. Sidan vi tok over i 2005 har det blitt meir enn 6000 nye lærarar. Vi vil halde fram å styrke kommuneøkonomiane sånn at skulane kan tilsette fleire lærarar.
2. Moderne bygg og utstyr – også på yrkesfag! Arbeiderpartiet vil nytte 20 milliardar kroner de neste fem åra på oppussing av skulebygg. Vi vil kjøpe inn nytt og moderne utstyr. Yrkesfag må i langt større grad enn i dag bli prioritert når skular skal pussast opp, og utstyr kjøpast inn. Det er viktig at våre kommande fagfolk har verktøya og utstyret dei kjem til å møte i arbeidslivet, også på skulen.
3. Tidleg innsats: Arbeidarpartiet meiner at alt for mykje av ekstrahjelpen i skulesystemet blir sette inn for seint. Det er dumt, fordi mange av elevane går gjennom skulegangen utan å kunne det dei skal skikkeleg. Vi vil innføre ein “lese-skrive-regne-garanti” som skal garantere at alle barn kan lese, skrive og regne skikkeleg når dei går ut av barneskulen. Denne garantien skal legge press på kommunen, så dei følgjer opp vårt mål om tidlig innsats.
FPU: 1.Tilpassa opplæring på nivået til kvar einskilde elev.
2. Auke statusen på læraryrke ved å innføre masterutdanning for å bli lærar.
3. Sette eleven i sentrum ved å til dømes lærarevaluering og å gjere sidemål valfritt.