Statsadvokat Stein Vale, som har vore ekstern sensor for Politihøgskolen i ti år, er uroa over kunnskapsnivået til politistudentane. Han tviler på om einskilde har stått i norsk.

NPK-NTB
NPK-NTB

Før sommaren retta Vale 21 eksamenssvar, som har gjort han uroa for kunnskapsnivået til studentane, skriv Klassekampen.

– Med dette brevet ynskjer eg å uttrykkje uro over ein tydeleg reduksjon i det faglege nivået i strafferett, straffeprosess og ordensjuss, skriv Vale i eit brev til rektoren ved Politihøgskolen som Klassekampen har fått tak i.

Statsadvokaten skriv vidare at han vurderte å ta kontakt med skulen om det fallande kunnskapsnivået i fjor. Etter eksamen i år er han styrkt i oppfattinga.

Sjølv om Vale understrekar at einskilde studentar framleis leverer «framifrå prestasjonar», er konklusjonen at for mange studentar ikkje innfrir krava som vert stilt etter første år.

Eitt av dei er at studentane skal kunne gjere etterforsking som skaffar påtalemakta nok grunnlag til å ta avgjerder i straffesaker.

I brevet skriv Vale også at nokre studentar slit med norsken.

– I tillegg finn eg grunn til å peike på at nokre av studentane har ei så dårleg skriftleg framstillingsevne at det er vanskeleg å forstå at dei kan ha stått på PHS-krava om minstekarakteren 3 i norsk på vidaregåande skule, heiter det. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE