Babyar lærer seg høgdeskrekk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærer seg høgdeskrekk

Forskarar ved University of California, Berkeley i USA ville vise at høgdeskrekk ikkje er medfødt, og når dette dukkar opp hjå barn.

Den norske doktorgradsstudenten Audun Dahl og kollegaene har ein teori om at høgdeskrekk handlar meir om synet til barna og korleis det endrar seg når dei byrjar å krype.

– Først når barna byrjar å bevege seg sjølve byrjar dei å nytte meir av den visuelle informasjonen i omgivnadene for å oppfatte og kontrollere eigne rørsler, seier han til Forskning.no.

LES OGSÅ: Vi er ikkje skapt til å krige

Jo meir ein ser at verda rundt ein kan påverke ein, jo meir skremt kan ein bli. Og ungar som var vane med rørsle, vart reddare høgder, synte forskinga.

Dei testa teorien på ein noko utradisjonell måte: Dei lærte smårollingar som enno ikkje hadde lært å krype, å køyre små, motoriserte vogner. Barna var i snitt litt over sju månader, men klarte å lære seg å køyre vogna dei sat i. Ei anna gruppe barn fekk inga køyreopplæring.

– Go-kartane var ein måte å gi barn rørsleerfaring på i ei eksperimentell setting, slik at det var tilfeldig kven som rørte på seg og ikkje. Då kan ein unngå problem med andre ting som kan påverke resultatet, som modning, seier Dahl.

LES OGSÅ: Hundar er som born

Etter tre veker målte forskarane pulsen på barna mens dei vart søkkte ned mot det som såg ut som eit golv meir enn éin meter ned. Her viste det seg at dei barna som hadde tura rundt i gokart var reddare for avsatsen enn dei andre, det vil seie at pulsen deira auka meir. (©NPK)