Vidaregåandeelevar får ta fag på universitetet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får tjuvstarta på universitet

Elevar som treng ekstra faglege utfordringar kan få ta fag ved Universitetet i Agder (UiA) frå i haust.

Studiedirektør ved UiA Bjørn Monstad seier til NRK.no at dei tidlegare har hatt enkeltemnestudentar som har fått lov til særleg å følgje matematikk-kurs. Men no skal universitetet lage ei systematisk ordning som også skal bli nasjonal.

Målet med ordninga er å inspirere vidaregåandeelevane gjennom eit møte med dei akademiske miljøa.

For å få søkje seg inn på emne ved universitetet må elevane få ei tilråding frå lærarane sine i den vidaregåande skulen.

LES OGSÅ: Dårleg tilbod til flinke i vest

Monstad seier at dei unge studentane truleg kan rikje universitetsmiljøet med nysgjerrigheita si.

Rektor ved Vågsbygd vidaregåande skule i Kristiansand, Åse Lill Kimestad, er positiv til den nye ordninga.

– Det er skulen si oppgåve å gje utfordringar både til dei som treng ekstra hjelp og dei som treng ekstra faglege utfordringar.

Kimestad trur ordninga vil skape aksept for at nokre treng meir hjelp eller andre utfordringar, ikkje synleggjere skilnaden mellom sterke og svake elevar. (©NPK)

LES OGSÅ: Flinke elevar skal få hoppa over 10. klasse