Her kostar bensinen mest
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gjennomsnittsprisen for éin liter bensin i Tyrkia er 15, 30 kroner. Dermed er det tyrkarane som må betale mest for å tanke opp. For kvar liter bensin, må dei ut med 8,5 prosent av dagsløna.
Noreg segler inn på andreplass, med ein gjennomsnittleg literpris på 15, 29 kroner. Likevel bruker nordmenn under éin prosent av dagsløna per liter bensin, og kjem dermed betre ut enn tyrkarane.
LES OGSÅ: Styrkjer nordisk matframtid
Det er Bloomberg som har laga lista, der 60 nasjonar er rangert etter prisen for ein liter bensin, kor mykje av ei dagsløn som trengst for å kjøpe ein liter, og kor mykje av den årlege inntekta innbyggjarane i snitt bruker på bensin.
Einaste oljenasjon med høge prisar
Ifølgje Bloomberg er Noreg den einaste oljenasjonen med dyr bensin. Men med høge løningar har nordmenn likevel relativt lite vanskar med å tanke opp, ifølgje nettstaden.
Nederland har den tredje dyraste bensinen, med 13,72 kroner for literen. Sykkelmekkaet har dei høgaste drivstoffavgiftene i EU, og bruker 1,79 prosent av ei dagsløn for kvar liter.
LES OGSÅ: Vil ha øko-stat
Deretter følgjer Italia, Frankrike, Sverige, Hellas, Portugal, Hong Kong og Belgia.
Billeg i Sør-Amerika
Drøymer du om billeg bensin? Då kan ein tur til Venezuela glede hjarte og lommebok. Her kostar nemleg bensinen i gjennomsnitt 0,06 kroner per liter, og er dermed billegast i rangeringa.
Innbyggjarane i landet bruker kring 0,03 prosent av ei dagslønn på ein liter bensin, og forbruket er deretter. Etter at president Hugo Chavez døydde i mars, har International Energy Agency åtvara om at oljeindustrien kan ta skade av det høge forbruket. Chavez gjorde nokre forsøk på å senke forbruket, men med nærast gratis bensin er insentiva få. Førre gong landet freista å kutte subsidiane, i 1989, vart det herja av opprør som kosta fleire hundre liv.
Saudia Arabia har nest billegast bensin, med 0,69 kroner for éin liter. Deretter følgjer Kuwait, Egypt, Dei sameinte arabiske emirata, Iran, Nigeria, Malaysia, Mexico, USA og Russland.
LES OGSÅ: Borar for miljøet