Fleire vil bli lærar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman 5342 søkjarar har fått tilbod om plass på ein av lærarutdanningane her i landet. Det er ein auke på 4,7 prosent frå i fjor. Det viser tal frå Samordna opptak.

Uroa for dei minste elevane
– At vi får fleire kvalifiserte studentar som søkjer seg til læraryrket er viktig for framtida i norsk skule. Samtidig er eg uroleg for dei minste elevane, fordi talet som får tilbod om studieplass på grunnskulelærarutdanninga for 1.– 7. trinn, har gått noko ned i år til samanlikna med i fjor, seier statssekretær Ragnhild Setsaas i Kunnskapsdepartementet.

LES OGSÅ: Blinde er utestengt

Tala frå Samordna Opptak syner at det derimot er færre som vil bli barnehagelærarar. Nedgangen i søkjarar til barnehagelærarutdanninga var venta, sidan det var ekstra mange søkjarar i fjor. Men Setsaas strekar under at det er eit mål å auka rekrutteringa til utdanninga i åra framover.

Vil oppjustere lærarutdanninga
Utdanningsforbundet vil at lærarutdanninga skal bli ei femårig masterutdanning innan 2018. Kravet gjeld også for lærarar i grunnskulen, skriv forbundet på sine vevsider.

– Vi veit at Noreg treng fleire kvalifiserte lærarar. Det er 15. 000 som underviser i den norske skulen utan lærarutdanning. Difor er det veldig viktig for samfunnet å sikre alle elevar ein kvalifisert lærar, seier leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied.

Ho meiner det er på tide med ein forpliktande plan for å oppjustere utdanninga.

LES OGSÅ: Faga ingen vil studere

– Ei lærarutdanning på masternivå vil auke statusen til profesjonen. Ei slik utdanning gjev mogelegheit til fagleg fordjuping og ei forskingsforankring som både framtidige lærarar og elevar vil nyte godt av. Det vil gjere det lettare for lærarar å leggje til rette for læringa og utviklinga til elevane. Større fagleg tryggleik vil òg gje fleire gode lærarar, meiner Lied.

Utdanningsforbundet meiner også at myndigheitene må gje sterkare signal om det skal verte satsa på barnehagen.

– Arbeidet med å heve løna og statusen til dei som arbeider med dei minste barna må trappast opp, seier Lied. 

LES OGSÅ: Når skulen støyter deg ut