Kortare veg til helsehjelp

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis kan telemedisin medverke til å redusere befolkninga sine ulemper ved å bu i ein utkantkommune, var spørsmålet Ann Iren Nordhagen og Brit Øygard stilte seg. Dei har stått i spissen for eit utviklingsprosjekt med mål om å få på plass og ta i bruk elektronisk utstyr både i behandling av pasientar og til videokonferansar.

LES OGSÅ: Seks av ti unge manglar D-vitamin

– Mogelegheitene er mange for å forenkla og effektivisera kvardagen for både helsepersonell og ikkje minst for pasientar som kan sleppa lange og slitsame reiser, konstaterer Nordhagen om denne avstandsuavhengige teknologien.

Nordhagen er einingsleiar ved Sauda Distriktsmedisinske Senter, og fortel at ein i Sauda alt gjer seg god nytte av telemedisin.

LES OGSÅ: Vil heve aldersgrensa

Ho reknar opp tuberkolosekoordinatoren, dialyseavdelinga, lærings- og meistringssenteret, BUP (barne- og ungdomspsykiatrien), psykisk helsevern og diabetestenesta som døme på område som anten nyttar telemedisin i dag eller som gjerne vil prøva det ut. Rehabilitering er eit anna aktuelt område.

Les heile saka i Ryfylke.net!