Over tusen norske par står i adopsjonskø, men ikkje sidan 70-åra har færre barn vorte adopterte frå utlandet.

Dag og Tid/Tone Gullaksen
Dag og Tid/Tone Gullaksen

Ikkje sidan 70-åra har færre barn vorte adopterte frå utlandet. Samstundes står over tusen norske par i adopsjonskø. Styresmaktene må engasjere seg meir og leggje til rette for samarbeid med fleire land, meiner adopsjonsforeiningane.

23. juni 2007: «Me bestemmer oss for å adoptere og vel Adopsjonsforum som formidlar.»

På eit utal bloggar skildrar familiar over heile landet både draumen og den lange prosessen det er å få adoptere eit barn. I snitt ventar desse familiane i tre år og fem månader på eit barn. Utsnittet frå denne tidslina kjem frå bloggen «Lykken venter i Sri Lanka» til Ine og Mats.

Sidan 70-åra har over 20.000 barn vorte adopterte til Noreg. Men dei siste ti åra har talet vore søkkande både i Noreg og i andre vestlege land. Utgangspunktet for internasjonale adopsjonar skal vere at det er til det beste for barna. FNs barnekonvensjon frå 1989 og Haag-konvensjonen frå 1993, som regulerer inter-nasjonal adopsjon, slår begge fast at omsynet til barna er det viktigaste. I konvensjonane står det at adopsjon berre kan skje når barnet ikkje kan få tilfredsstillande omsorg i heimlandet. Dei landa Noreg har pleidd adoptere ifrå, satsar i aukande grad på nasjonale adopsjonar. Til dømes har talet på adopsjonar frå Kina gått kraftig ned dei siste ti åra.

LES OGSÅ: Asylbarna med alvorleg melding

– India og Kina er døme på land som i aukande grad finn familiar i eige land, fortel Øystein Gudim, dagleg leiar i Adopsjonsforum, den største adopsjonsforeininga i Noreg.

Tal frå Statistisk sentralbyrå for 2012 viser at talet på adopsjonar frå Kina har gått ned med 75,5 prosent sidan 2002. Ventetida kan i nokre høve vere på heile seks år.

Ei anna årsak er at det også i desse landa er fleire som ikkje kan få eigne barn. Haldninga til adopsjon er også endra i fleire av landa Noreg samarbeider med. Dei ser meir kritisk på eigen praksis. Mellom anna har Kina nesten stoppa adopsjonar til einslege. Fleire land praktiserer også strengare reglar for internasjonal adopsjon for å unngå menneskehandel.

Nye land
«November og desember 2007: Adopsjonsførebuande kurs del 1 og 2» (i regi av Bufetat, red.merk.)

Ine og Mats vil adoptere frå Sri Lanka. For samstundes som adopsjonane frå land som Kina, Sør-Korea, India og Columbia går nedover, kjem nye land til. Adopsjonsverksemda flyttar seg og får feste i land som er prega av fattigdom, naud og som ikkje har passande tilhøve for barn å vekse opp i, står det i den offentlege utgreiinga om adopsjon, «Adopsjon – til barnas beste», som Hove-utvalet utarbeidde og som kom i 2009. Utgreiinga var den første gjennomgangen av det norske adopsjonsinstituttet i nyare tid. Men dei internasjonale krava til adopsjon i Haag-konvensjonen gjer det likevel vanskeleg å adoptere frå fleire aktuelle område.

– For oss er det viktig å få på plass nye samarbeidsland. Men lovverket i mange av dei aktuelle landa er for dårleg. Noreg vil berre etablere samarbeid med land som har slutta seg til Haag-konvensjonen. Me vil gjerne at regjeringa engasjerer seg meir internasjonalt og jobbar for å utbetre adopsjonslovgjevinga i aktuelle land. Eit døme er arbeidet som er gjort i Vietnam. Dei er no eitt av landa som har kome til på lista, fortel Øystein Gudim.

Dei norske adopsjonsforeiningane Adopsjonsforum og Verdens Barn, høvesvis den største og den eldste, skulle ønskje seg ein meir aktiv politikk på adopsjonsområdet i Noreg.

LES OGSÅ: Unge på flukt blir fanga i byråkratiet

– Regjeringa gjer ikkje mykje på adopsjonsområdet. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har ofte ikkje ressursar til å handsame søknader om godkjenning av nye land. Dei har ikkje høve til å vere med på turar til aktuelle samarbeidsland, fordi dei ikkje har store nok løyvingar, seier Gudim.

Han fortel at dei til dømes har brukt over ti år på å etablere eit samarbeid med Vietnam.

– Arbeidet byrja i 2002, men først då Vietnam fekk ei eiga adopsjonslovgjeving, kunne me etablere eit samarbeid.

Dagleg leiar i Verdens Barn Young Kim seier han tykkjer styresmaktene viser lita interesse for arbeidet som blir gjort.

– Departementet viser lita interesse for adopsjonspolitikken. Før hadde me meir kontakt med departementet. Dei har i dag lite oversikt over situasjonen på adopsjonsområdet, seier Young Kim.

Meir pengar
«6. januar 2008: Me fyller ut adopsjonssøknaden og sender han til Adopsjons-forum.»

Ine og Mats hadde valet mellom tre adopsjonsforeiningar. Dei tre adopsjonsforeningane i Noreg, Verdens Barn, InorAdopt og Adopsjonsforum, har sidan 2011 fått 800.000 kroner i tillegg til driftsstøtta på 1–1,2 millionar kroner.

Gudim fortel at dei vanlegvis brukar to til tre år på å greie ut eit eventuelt samarbeid med eit nytt land.

– Hadde både foreiningane og Bufetat fått meir pengar, kunne denne prosessen teke mykje kortare tid. Me kunne til dømes ha tilsett eigne folk som berre arbeidde med nye samarbeidsland.

LES OGSÅ: 5071 og tilbake

Den offentlege utgreiinga frå 2009 rådde regjeringa til å styrkje arbeidsvilkåra til adopsjonsforeiningane, fordi det er dei som sit på kunnskapen og utviklar nye samarbeidsland. Gudim seier at dei i fleire år har sett utviklinga med nedgang i talet på adopsjonar, men han meiner regjeringa kunne gjort meir for å møte utviklinga.

– Departementet bør auke støtta til adopsjonsforeiningane. Bufetat må styrkjast slik at dei har fleire ressursar til å behandle adopsjonssøknader og kan vere meir aktivt med i utviklinga av nye samarbeidsland.

Han trur fleire barn kunne blitt adoptert til Noreg dersom dei fekk fleire samarbeidsland.

– Sannsynlegvis ville fleire få adoptere. I dag har me atten land på lista, men det er likevel ikkje alle land det er aktuelt å adoptere ifrå. Dei får for mange søknader og har ikkje høve til å behandle dei. Difor er det også viktig å få fleire land på bana, meiner han.

«6. februar 2008: Me får stadfesting på motteken søknad frå barnevernet.»

Parallelt med arbeidet med å utvikle nye samarbeidsland går para, som Ine og Mats, på kurs, sender søknader til barnevern og Bufetat og ventar på godkjenning.

Fleire av landa som er aktuelle for samarbeid om adopsjon, kjem med krav om bistand til dei barna som er att i landet.

– Vietnam forventar mellom anna støtte til barneheimar. Slike krav gjev arbeidet vårt ei klar avgrensing. Me får sjølve ikkje lov til å blande adopsjon og bistandsarbeid, seier Gudim.

LES OGSÅ: Til veggs om asylborn

Og dersom Noreg meiner dei ikkje har ressursar nok sjølve til å gå direkte inn med bistand eller utvikling av nye lover og reglar i landa, meiner han dei kan bidra gjennom internasjonale organisasjonar, slik som International Social Service, som driv sosialt arbeid for barn. Eller friviljuge organisasjonar som hjelper land til å utvikle lover og reglar.

Utanriksstasjonane må hjelpe til
«19. desember 2008: Me fekk godkjenninga som var datert 17.12.2008!!!»

Dagleg leiar i Verdens Barn Young Kim er samd med Øystein Gudim i Adopsjonsforum, men han skulle også ønskje at Utanriks-departementet gjorde ein innsats gjennom ambassadane i utlandet.

– Dersom me skal få opp adopsjonstala, må innsatsen til utanriksstasjonane aukast. I dag har dei lite kompetanse på adopsjon. UD må spele på lag med oss og hjelpe til med til dømes kartleggjinga av adopsjonslovgjevinga i eit aktuelt land. Det hadde gjort arbeidet mykje enklare for oss, seier Kim.

«5. februar 2009: Me leverte alle dokumenta til søknaden til Sri Lanka til Adopsjonsforum.»

Ventetida er lang for Ine og Mats. Men dei er unge samanlikna med fleire andre par som ventar på å få adoptere. På bloggen skriv dei at Ine er 25 år i byrjinga av prosessen.

– Dei fleste rekk berre éin adopsjonskø, fortel Øystein Gudim.

Tusen familiar er godkjende og står i adopsjonskø hos dei tre foreiningane i Noreg i dag. Tal frå 2012 viser at 231 barn fekk nye foreldre i Noreg det året – ein nedgang på 22 prosent frå året før. Til samanlikning vart 785 barn adopterte til Noreg i 2002.

– Mange gir opp adopsjonskøen. Det er veldig stor frustrasjon ute og går. Mange av para som ønskjer å adoptere, er alt i slutten av trettiåra når dei byrjar prosessen. Aldersgrensa er 45 år i dag. Nokre blir også for gamle før dei får høvet til å adoptere, seier Young Kim, dagleg leiar i Verdens Barn.

LES OGSÅ: – Valet er mitt

Adopsjonslov
«28. januar 2010: Me blir oppringde av Adopsjonsforum som fortel at me har vorte foreldre til ei tre månader gamal jente.»

Det har gått nesten tre år sidan Ine og Mats bestemte seg for å adoptere.

Regjeringa har med bakgrunn i den offentlege utgreiinga frå 2009 også sett i gang eit arbeid med adopsjonslovgjevinga i Noreg. Lovutvalet dei sette ned hausten 2012, skal kome med sitt forslag i august 2014, men alt no i vår kom regjeringa med ein stortingsproposisjon med endringar i norsk adopsjonslovgjeving.

Young Kim seier han ikkje trur ei endring av lova vil gjere det lettare å få adoptere.

– Eg er ikkje sikker på kva regjeringa vil gjere, men eg håpar på det beste. Men utbetringa av lovverket endrar ikkje på situasjonen, held han fram.

Kim håpar den nye lova tek omsyn til oppfølgjinga av barn som har vorte adopterte til landet.

– Eg håpar dei tek omsyn til behova til dei som har kome til landet. Det er behov for oppfølgjing av adopterte barn. Dei ønskjer til dømes av og til å finne dei biologiske foreldra sine, seier han.

Gudim i Adopsjonsforum seier det har lenge vore behov for ei utbetring av lovverket.

– Den gamle lova er eit makkverk. Arbeidsgruppa som er nedsett av departementet, arbeider tregt, men det går framover. Resultatet får me i august neste år.

Adopsjonsstøtta
«3. februar 2010: Me reiser til Sri Lanka.»

Kostnadene til adopsjon er store. Ine og Mats brukar nesten 186.000 kroner på heile adopsjonsprosessen. I dag får dei som ønskjer å adoptere 45.000 kroner i støtte frå det offentlege. Det er brei politisk semje om å auke støtta, men dette har førebels ikkje blitt gjort.

Renate Kurszus i foreininga Ønskebarn, som er ein interesseorganisasjon for ufriviljug barnlause, seier at ein auke i adopsjonsstøtta vil føre til at fleire får høve til å adoptere.

LES OGSÅ: – Ikkje ver redd for døve

– Det blir stadig dyrare å adoptere, så ein auke vil hjelpe mange på vegen til adopsjon. Dette er eitt av forslaga til Hove-utvalet, og det har brei politisk støtte.

Øystein Gudim, dagleg leiar i Adopsjonsforum, har lenge jobba med å auke støtta.

– Det er ikkje berre ressurssterke foreldre som er barnlause, det er likt fordelt. Det har relativt sett vorte dyrare å adoptere. For tjue år sidan, då eg adopterte, dekte støtta 70 prosent av kostnadene. Eg fekk 30.000 kroner, medan familiar i dag får 45.000, seier han.

«22. februar 2010: Me har blitt foreldre til vesle Tuva!!!!!»

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet hadde ikkje høve til å kommentere saka før avisa gjekk i trykken.

LES SAKA I DAG OG TID!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE