Ser svart på framtida

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å vere ufør er ein vanskeleg situasjon, og ikkje noko eg ynskjer. Eg kan ikkje delta, og har ikkje same moglegheiter som alle andre. Til dømes kan eg ikkje reise på ferie, og eigen bustad kjem aldri til å verte nokon realitet, fortel Irén Otheliussen Heggelihaugen.

Tidligare i sumar publiserte ho kronikken Et ønske om likeverd for unge uføre på nettsidene til Senter for likestilling. Ho har kjempa ein kamp mot NAV, føler seg stigmatisert i ordskifta og kjenner seg ikkje likeverdig.

– Vi er absolutt ikkje likeverdige i dag. Eg lever på 203 000 kroner i året, noko som er langt under EU-norma, held ho fram.

EUs fattigdomsgrense er ei inntekt på 60 prosent av medianinntekta i landet, medan OECD nyttar ei norm med 50 prosent av medianinntekta. I 2011 var medianinntekta 247 100 kroner for einslege under 45 i Noreg, etter skatt. Medianinntekta for alle hushald var 431 100 kroner same år, ifylgje tal frå SSB. I 2012 var medianløna for alle tilsette 441 000 kr. 

– Samfunnet stigmatiserer
Denne veka kunne ein lese oppslag som Uføretrygd går i arv og Trygd «smitter» mellom venner og naboer.

– Føler du deg stigmatisert i ordskifta om uføretrygd?

– Ja, eg føler gamle fordommar heng i, som at vi er late og ikkje vil. Eg vil bidra, men har ikkje moglegheit. Folk tenkjer ikkje over kva som ligg bak, seier Irén.

LES OGSÅ: – Valet er mitt

For henne er psykiske problem frå 11-årsalderen bakgrunnen for uføretrygdinga. I kronikken skriv ho om eigen sosial angst og det å vera avhengig av ein «fluktveg»til ei kvar tid. Og ho skriv om å ha «møtt veggen» alt for mange gonger.

– Folk burde også vite at det har vorte vanskelegare å få uføretrygd, og kor mykje som trengs av til dømes spesialisterklæringar.

Samstundes meiner ho folk burde vite at livet som uføretrygda er eit stykke frå det normale, med spinking og sparing til det ein treng.

– Mine næraste veit jo kvifor eg er uføretrygda. Med tidligare vener var det annleis, dei skjønte ikkje kvifor det ikkje var mogeleg for meg å jobbe. Eg føler samfunnet stigmatiserer generelt.

Dobbel kamp
For Irén vara kampen for uføretrygd i fire år. Frå ho måtte avbryte vernepleiarutdanninga i 2006, til vedtaket om varig uføretrygd i 2010.

– Det starta med at eg vart skikkeleg dårleg. Eg fekk rehabiliteringspengar i to år og så tidsavgrensa uføretrygd i to år.

Undervegs var det utgreiingar og spesialisterklæringar. Då ho fyrst fekk beskjed om at den tidsavgrensa uføretrygda ville stanse, vart kampen dobbel.

– Eg tenkte at eg måtte prøve å bli frisk, men det gjekk ikkje og det vart stadfesta av behandlarane mine. Det var ein kamp med både NAV og meg sjølv.

 Med vedtaket om varig uføretrygd vart den økonomiske situasjonen litt betre.

– Då eg gjekk på tidsavgrensa uføretrygd, hadde eg knapt til mat på bordet.

LES OGSÅ: Difor blir det ikkje opptøyar i Norge

Ingen treng ein
I kronikken skriv Irén om å trekkje ekstra skatt for å kunne reise på ein helgetur om sumaren, om å måtte søke sosialhjelp, og om å måtte spare skatten ho ikkje betalar i desember til mars for å kunne betale årsavgifta på bilen.

– Kva er det tøffaste med å vera ung og ufør i Noreg i dag?

– For det fyrste er det den økonomiske fridomen eg ikkje kan få. Det er kjempetøft, og uførutsette utgifter går berre ikkje. Det andre er å ikkje ha noko å stå opp til om morgonen, å føle at ingen treng ein.

– I tillegg er mykje av det andre ser på som heilt vanleg, ikkje mogeleg for meg, som å vera med vener på konsert.

Framtida
Irén ynskjer meir likeverd, fleire moglegheiter gjennom høgare satsar og høve til å delta i samfunnet.

– Eg ynskjer å kunne reise på ferie eller å sleppe å spare i 2-3 månader til eit par sko.  Eg ynskjer høve til å vera med på fritidsaktivitetar, å reise på kino kostar jo ein 100-lapp.

Også utanom sjølve trygda, ynskjer ho betring.

– Strammar det ekstra ein månad er det veldig vanskeleg å få noko dekkja. Det er ei skikkeleg papirmølle.

Irén trur ikkje ho nokon gong har høve til å kome attende til utdanning og arbeidsliv. Ho er uroa for framtida.

– Kva framtid har eg? Eg går heime for å bruke bilen minst mogeleg sidan det kostar, og det er tungt. Skal eg vera i denne situasjonen livet ut kjennes det svart.

LES OGSÅ: – Må svara når menneskeverd blir krenkt