168 sider må ein lese for å kome seg gjennom programmet til Krf, medan SP berre har 60 sider.

mm
Faktaboks

Partiprogram 2013

KrF: 169 sider

SV: 156 (22 sider prinsipprogram og 134 sider arbeidsprogram)

Venstre:103 sider.

Framstegspartiet: 97 sider (11 sider prinsipprogram og 86 sider arbeidsprogram)

Høgre: 89 sider (15 sider prinsipprogram og 74 sider arbeidsprogram)

Ap: 84 sider

SP: 60 sider

Miljøpartiet De Grønne: 70 sider

Rødt: Omlag 60 sider (nyttar ikkje pdf-format med sidetal)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Tenkjer ein seg at ein særleg seriøs veljar set seg føre å lese alle desse partiprogramma, må vedkommande altså pløye gjennom oppunder 800 sider tekst, peikar medievitar Jostein Gripsrud på i rapporten Språkbruk og språkpolitikk i norske partiprogram 2013.

Stivbeint stil
På oppdrag frå Språkrådet har Gripsrud analysert korleis politikarane formulerer bodskapen sin og kva språkpolitikk dei fremmar. Dette har han makta å gjere over berre 64 sider.

I programma er det innhaldsmessig språkleg krevjande tekstmengder, mange gjentakingar og uklare formuleringar, kjem det fram i rapporten.

Stivbeint og oftast abstrakt, er karakteristikkar Gripsbruk nyttar om stilen i partiprogramma.

 –  Utfordringa for fyrstegongsveljarar er den reine skjære tekstmengda, ingen gidd å lese alt dette om dei ikkje treng det. Eg trur nesten berre det er eg og Jon Hustad som har lese alt, seier Gripsrud.

Konklusjonen er: Partiprogram er tungt lesestoff.

LES OGSÅ: Det dette eigentleg handlar om 

Hint av fakta
Det krev tolmod for å ploge seg gjennom dei ulike partia sine prinsipp og planar. Medievitaren etterlyser ein felles mal for partiprogramma, som kunne gjort det enklare for lesarane å orientere seg i stoffmengda.

Sjølv om det er tungt stoff, er det ikkje heilt utan lyspunkt.

Krf får skryt for å ha faktaboksar i partiprogrammet sitt. Her kan ein mellom anna lese om aborttala i Noreg og kva kronisk utmattingssyndrom er. Dei legg sjølvsagt ikkje skjul på sine kristne verdiar.

Venstre er det andre partiet som i sitt program har teke seg bryet med å lage faktaboksar om vanskelege omgrep som: kvotemarkedet, TFO-fond og private risikokapitalfond.

Framstegspartiet har i sitt program eit klårt teikna politisk prosjekt som veljarane kan ta stilling til, kjem det fram i rapporten.

LES OGSÅ: Keisarens nye ordklede

«Eit godt land å bu i»
Fyrste kapittel i Rødt sitt prinsipprogram er livlig og engasjert, men noko forenkla, ifølgje Gripsrud. Han meiner at SV i sitt partiprogram snakkar mest til dei som allereie trur på deira politikk.

Miljøpartiet de grønne sitt program har fått lite omtale i rapporten.

Senterpartiet får kritikk for mange gjentakingar i programmet sitt, men dei er ei av fire parti som har ein nynorsk versjon. Dei andre er Høgre, SV og Raudt.

Høgre opnar sitt partiprogram med setninga: «Noreg er eit godt land å bu i», opningssetninga er identisk med den i Arbeidarpartiet sitt program.

LES OGSÅ: Den fyrste partisong eg høyra fekk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE