Politisk grønvasking

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det begynte med at masterstudenten i statsvitskap høyrde ein Dagsnytt 18-debatt om oljeutvinning i Lofoten i vinter, mellom Helga Pedersen (Ap) og Silje Lundberg frå Natur og ungdom. I argumentasjonen fann Torkil Dyb Remøy (25) noko som ikkje stemte. Engasjementet hans tok form som ei lang oppgåve, der han plukka frå kvarandre bruken av ordet "konsekvensutredning".

I intevjuet blir Helga Pedersen svar skuldig når både programleiaren og Silje Lundberg ville vite akkurat kva ny kunnskap vi treng for å betre svare ja eller nei på spørsmålet om oljeutvinning.

– Det interessante var at Pedersen aldri klarte å svare på kva kunnskap vi mangla. I staden brukte ho mange honnørord som det er vanskeleg å kritisere, slik som kunnskapsbasert tilnærming, det å vege interesser og argument mot kvarandre, og å involvere demokratiet, forklarar Remøy.

LES OGSÅ: Over 45 millionar på flukt

– Kuppar språket
Remøy konkluderer med at politikarar som Helga Pedersen gøymer seg bak eit falskt argument om behov for meir kunnskap. Han meiner dei kuppar det i utgangspunktet nøytrale ordet "konsekvensutredning", og at dei såleis "grønvaskar", eller språkleg pyntar på eit ønske om å stadig utvinne meir olje.

­­– Korleis skjer denne kuppinga?

– Først og fremst ved at ein framstiller "konsekvensutredning" som eit nøytralt verkty til å få meir kunnskap. Særleg i Arbeiderpartiet har dei vore strategisk dyktige retorikarar til denne typen grønvasking, meiner Remøy, og legg til:

– Dei later som dei ikkje har lyst til å bore, at dei ikkje har bestemt noko enno. Det er ein kamp om orda. Dei fleste av mine medstudentar kjøper dette godt oppbygde logiske argumentet om at vi treng meir kunnskap om ei sopass viktig sak, innrømmer han.

QUIZ: Prøv den store klimaquizen

– Avpolitiserer eit moralsk spørsmål
Også bruken av ordet "berekraftig" saman med konsekvensutgreiing meiner Remøy er eit døme på grønvasking og tåkelegging.

– Det å blande ordet "berekraft" inn i petroleumsdiskursen er eit veldig snedig og ureieleg, retorisk grep. Petroleumsverksemd kan jo per definisjon ikkje vere berekraftig, meiner Remøy.

– Ordet "konsekvensutredning" er lada med veldig mange ulike meiningar, også at det skal vere berekraftig.  Ein presenterer saka slik at så lenge ein får samla inn fakta og kunnskap, så vil det openberre seg kven sine interesser som skal vege tyngst. Slik avpolitiserer politikarane eit veldig viktig moralsk spørsmål, meiner Remøy.

Kvifor trur du dette skjer?

– Ein må hugse på at mandatet til Olje- og energidepartementet er å ha eit jamt høgt petroleumsnivå på norsk sokkel. Å tru at rapporten er heilt nøytral då, sjølv om den i utgangspunktet er nøytral juridisk sett, blir naivt.

Ny kunnskap?
I tillegg til at det å snakke om økonomisk nytteverdi er feil, meiner studenten på Universitetet i Oslo at det er misvisande at politikarane treng ny kunnskap i det heile tatt. Kunnskapen er der allereie, noko Remøy påpeiker at feller argumentasjonskjeda til Arbeiderpartiet.

– Det mest vesentlege for folk å vite, er at det har blitt gjennomført ei konsekvensutgreiing allereie, men utan den tittelen, og med vekt på "verknader", ikkje "konsekvenser". Den einaste skilnaden er at den ikkje juridisk opnar for boring, slik ein no vil legge til rette for.

­Men vil ikkje ei konsekvensutgreiing gi viktig kunnskap?

– Det eigentlege spørsmålet er: Gir den i røynda ny kunnskap? Vi har den kunnskapen vi treng for å ta stilling, moralsk sett. Det einaste ei konsekvensutgreiing vil tilføre, er at det då inngår ein juridisk opningsprosess for petroleumsverksemd. Det er her genistreken ligg, at ein blandar inn ordet "kunnskap" i argumentasjonen.  Det er ei slags tåkelegging.

LES OGSÅ: Et insekt, redd planeten

– Dersom ein går inn for konsekvensutgreiing, har ein allereie bestemt seg for å ville bore, trur Remøy.

– Premisset om at ei konsekvensutgreiing gir meir kunnskap enn det vi allereie har, er difor i beste fall veldig svakt. Då må vi heller stille spørsmålet: vil vi ha oljeutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja, eller vil vi ikkje det?


SKURRE: Når politikarane knyt saman berekraft og oljeutvinning bør det skurre hjå veljarane, meiner Torkil Dyb Remøy.

– Samfunnsøkonomisk språk låser debatten
Gjennom si retoriske analyse fann Remøy ut at diskursen om oljeutvinninga,  sjølve måten politikarar snakka om saka på, var prega av eit samfunnsøkonomisk språk som var ute etter å talfeste, heller enn å filosofere,  og der ein dreg konklusjonar basert på usikkert talmateriale, om til dømes framtidige arbeidsplassar.

– Politikarane brukar estimat som synonym for fakta, heller enn å stille spørsmålet om ein bør utvinne meir olje. Så lenge ein vitskapeleggjer og talfestar for og mot, så abstraherer ein seg frå det som eigentleg er spørsmålet: Bør ein eigentleg drive med petroleumsaktivitet i det heile tatt?

– Det interessante i debatten med Helga Pedersen, var at Silje Lundberg også vart drege inn i dette språket og begynte å argumentere om at samanhengen mellom sysselsetting og oljeutvinning ikkje nødvendigvis var slik Pedersen meinte.

– Når ein som miljøvernar går inn i den måten å snakke på, har ein tapt. Den samfunnsøkonomiske tankemåten og språket låser debatten heilt, meiner Remøy.

– Er ikkje høg sysselsetting eit godt argument?

– Problemet er ikkje sysselsetting, men at ein då går med på premisset om at det må vere lønsamt i eit samfunnsøkonomisk perspektiv å ikkje bore.

LES OGSÅ: Borar for miljøet

Skilnad på er og bør
For Torkil Dyb Remøy var analysen av oljeretorikken ein måte å opne opp augene for dei større, viktigare spørsmåla. Han meiner skadane frå finanskrisa burde gjere det lettare for veljarane å til hausten bli med på tanken om at økonomisk nytteverdi ikkje alltid treng å vere det vinnande argumentet, og særleg ikkje i klimaspørsmålet.

– Klimakrisa og den økonomiske krisa skjer på samme tid, men brukar vi finanskrisa som ei moglegheit til å omstille oss, spør han.

Det kan vere lett å tenke at vi må ofre litt klima for å få god økonomi, og omvendt. Remøy meiner det har blitt ei slags sanning at ein ikkje kan ha høg sysselsetting utan å overforbruke ein del ressursar.

– Korleis løyse språkfloken?

– Vi må endre dei samfunnsøkonomiske forståingsmåtane og språkbruken. Vedtekne "sanningar" avgrensar kva ein trur at ein kan få til. Tanken om at høg sysselsetting er avhengig av høg petroleumsutvinning er ei slik "sanning" som er etablert, som hindrar radikale endringar.

Remøy er ikkje negativ til auka velferdsnivå og sysselsetting, så lenge ein ikkje brukar fleire naturressursar.

– Men treng vi å ha stadig vekst for å ha høgt nok velferdsnivå, undrar han.

– Eg trur vi treng fleire visjonære politikarar som kan nå ut, og tør å ta ei rolle som handlar om meir enn berre å fordele ressursar. Ei rolle som også fremjar nye tankar om korleis livet bør levast, og at vi ikkje treng så stor vekst i handlekraft og oljeutvinning for å vere lukkelege.

 LES OGSÅ: – Helvete sel ikkje