Dersom du er svolten når du blir spurt, er sjansen større for at du støttar ein sosial velferdspolitikk.

Ifølgje to danske studiar er det ikkje berre temperamentet ditt som vert påverka av lågt blodsukker.

– Om du svarer rett før eller rett etter frukosttid, har faktisk like stor betyding for di politiske haldning som kva for utdanning og yrke du har, eller om du er arbeidsledig, seier lektor i statsvitskap ved Aarhus universitet, Michael Bang Petersen, til Videnskap.dk.

Blodsukkeret spelar inn
Bang Petersen står bak undersøkingane saman med Lene Aarøe, som er adjunkt i statsvitskap ved same universitet.

Studiane syner at lågt blodsukkernivå og svolt gjer oss meir einige med parti til venstre for midten enn til høgre. I alle fall når det kjem til spørsmål om velferdspolitikk.

I den eine undersøkinga måtte forsøkspersonane faste i fire timar. Deretter fekk dei anten Sprite eller sukkerfrie Sprite Zero. Dermed hadde den eine gruppa lågt blodsukker, medan den andre hadde høgt. Gruppa som hadde fått servert Sprite Zero var meir tilbøyelege til å støtte ein venstreorientert velferdspolitikk, enn den andre gruppa.

LES OGSÅ: Ammeborn får høgare sosial status

I den andre undersøkinga vart mellom anna forsøkspersonane sine haldningar til velferdspolitikk samanlikna før og etter frukosttid.

Biologisk impuls
I psykologi og biologi er det veletablert at mennesket er utstyrt med impulsar og instinkt. Desse er utvikla gjennom evolusjonen, der våre forfedrar har levd i grupper i årtusen.

Ifølgje forskarane er den svaltne dragnaden til å støtte ein venstreorientert velferdspolitikk ein biologisk impuls, som sikrar overleving.

– Det interessante er at dersom ein ser på politikk i eit breiare perspektiv, så har det vore ein del av vår art i fleire millionar år. Som eit gruppedyr har vi alltid diskutert korleis gruppa sine ressursar og gode skal fordelast, seier Bang Petersen til Videnskap.dk.

LES OGSÅ: Vil ha banktenester på nynorsk

Evolusjonen er driven av dei genene som klarer seg best og blir vidareført i størst tal. Når ressursane er knappe, er det viktig å kunne argumentere for ei fordeling som i størst grad kan støtte eins eigen overleving og reproduksjon.

– Frå antropologiske studiar veit vi at ein avgjerande kontekst der denne diskusjonen oppstår, er når folk er svaltne. Her ser vi, ikkje overraskande, at dei svaltne ber om andre si hjelp, seier lektoren.

Når vi kjenner svalt og har lågt blodsukker, registrer kroppen vår det som eit teikn på knappe ressursar, ifølgje Bang Petersen. Vi får difor signal om å støtte ein delingspolitikk, slik at vi kan få hjelp av andre.

Ny retning
Undersøkinga føyer seg inn i nyare rekke av politisk og psykologisk forsking, som tyder på at vi i politiske spørsmål vert påverka av ei rekkje biologiske impulsar i tillegg til kulturelle og individuelle faktorar, skriv Videnskap.dk.

– Forskarar har lenge trudd at politiske haldningar hovudsakleg vert bestemt av vår fornuft, miljø og kultur. Basert på våre studiar kan det verke som biologiske impulsar spelar ei rolle, seier Bang Petersen.

LES OGSÅ: – Valet er mitt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE