Sigurd Vikene sitt nære portrett av Sigurjon, med same tittel, vann beste dokumentarfilm.

mm

– Eg vil dele prisen med Sigurjon, vil du kome opp på scena, seier Sigurd Vikene.

Han mottok ein pris på 5000 kroner etter å ha vore deltakar på dokumentarfilmverkstad i samband med Dei nynorske festspela.

Med base på Møre folkehøgskule har dokumentarfilmskapar Eirik Vaage losa dei unge gjennom ei intensiv veke med filmskaping. Tema for verkstaden var Ivar Aasen sine eigne ord: «Eit lite ord gjer stundom store verk».

Verda inn i litteraturen
Dei same orda var òg tema for ein skrivekonkurranse, som Språkåret 2013 lyste ut i vinter. Her hadde 25 ungdommar sendt inn bidrag. Av desse kom fem til finalen. Sigeren vart henta heim av Maria Rabben Igland frå Volda for teksta «Eit liv i Ravensbrück», som handla om andre verdskrig.

LES OGSÅ:  Vil oppretta fond for unge

– Ho har makta det ein vil at litteraturen skal gjere, nemleg å dra litteraturen inn i verda og verda inn i litteraturen, sa jurymeldelm forfattar Lars Petter Sveen i grunngjevinga.

Lokal fordel
Det var voldingane sin dag. Sigurd Vikene var den einaste deltakaren på dokumentarfilmverkstaden som var frå Volda. Den lokale femtenåringen hadde ein klar fordel når det kom til å finne gode historier. På berre fire dagar har deltakarane i dokumentarfilmverkstad laga filmar som vart synt på Rokken i Volda.

Juryen måtte velje mellom humor, action og kjensler i dokumentarfilmkonkurransen for ungdom under Dei Nynorske festspela. I den duellen gjekk filmen Sigurjon og kjenslene sigrande ut.

LES OGSÅ: – Ville du funne deg dame på sukker.no?

Gode enkeltscener
Scener der intervjuobjektet teiknar og forklarar sine diagnosar, vart trekt fram som særleg gode. I tillegg til ei scene der dokumentarskaparen filmar alle beinskinnene som Sigurjon har nytta opp igjennom åra. Det er ikkje få skinner den unge guten med ryggmargsbrokk har nytta.

– Det er eit unikt møte med ein unik person, der han på ein rørande måte fortel om seg sjølv, seier juryleiar Gunnar Strøm i grunngjevinga.

Tre filmar av fire unge dokumentarfilmskaparar vart vist. Her var portrett av ein vindsurfande snikkar og ein londonar i Volda, i tillegg til vinnarportrettet. Alle imponerte dei juryen, men med tilbakemeldingane frå salen var det liten tvil om at «Sigurjon»skilde seg ut.

LES OGSÅ: Den pubertale trugselen mot nynorsk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44
ANNONSE