EU-semje om landbruksreform

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Semje om landbruksreform

EU-leiarane har vorte samde om reform av den store og tunge landbrukssektoren.

Natt til onsdag vart dei 27 landbruksministrane i EU samde. Etter nokre timar med forhandlingar vart det også semje i EU-parlamentet onsdag ettermiddag. Avtalen må framleis vedtakast formelt begge stader.

LES MEIR: – Helvete sel ikkje

Kompromisset inneber endring i subsidieringsreglane. I praksis inneber det kutt i løyvingane til dei store gardane som driv industrielt landbruk. Store gardsbruk kan miste opptil 30 prosent av støtta med dei nye reglane. Vidare skal ein fremje eit grønare og meir miljøvenleg landbruk. Og det vert lansert bidrag for å hjelpe yngre bønder.

Landbruksstøtta utgjer 40 prosent av EU-budsjettet og er den desidert største budsjettposten i unionen. Samstundes er eige landbruk og mattryggleik svært viktig for mange av medlemslanda, og sektoren har vist seg vanskeleg å modernisere og reformere. Debatten har allereie gått i fleire år.

LES MEIR: – Verdas største utfordring