Internett kan gjere oss dummare, åtvarar danske forskarar.

Internett har gjort det lettare å manipulere sanninga. Det kan gjere oss dummare, åtvarar danske forskarar ifølgje Videnskap.dk.

Bølgjer av irrasjonalitet
Internett har gjord det lettare å dele misvisande informasjon ukritisk. Det kan få store konsekvensar.

I april publiserte det respekterte nyhendebyrået Associated Press (AP) ei twitter-melding som laud: ”Siste: To eksplosjonar i Det kvite hus, og Barack Obama er såra”.  Før byrået klarte å avgrense skadene frå den falske meldinga, hadde ballen byrja å rulle. Berre tre minuttar etter publiseringa hadde 200 millionar forsvunne frå den amerikanske børsen.

Børsmeglarane vart offer for eit psykologisk fenomen som kallast informasjonskaskadar, eller bølgjer av irrasjonell åtferd.

LES OGSÅ: Hjernen er ledig

Professor i filosofi ved Institut for Medier, Erkendelse og Formidling ved Københavns Universitet, Vincent F. Hendricks, meiner det er enkelt å starte slike kaskader.

– Sjølv om vi førestiller oss at vi er rasjonelle individuelt, kan desse fenomena gjere oss kollektivt tåpelege, seier han til Videnskap.dk.

Informasjonskaskadene er misvisande informasjon som ukritisk vert spreia frå menneske til menneske.

– Effekta er sjølvforsterkande, og alle trur på informasjonen fordi alle andre trur på den, seier Hendricks.

Informasjonsstormar
Saman med Pelle Guldborg Hansen frå Roskilde universitet har Hendricks publisert artikkelen Infostorms, der dei freistar å førebyggje informasjonskaskader ved å skildre tre psykologiske fenomen, skriv Forskning.no.

Informasjonskaskader er situasjonar der ”alle gjer noko fordi alle andre gjer det”.  Det inneber at personar ser korleis andre oppfører seg, og undertrykkjer si personlege vurdering.           

Pluralistisk ignoranse er når eit fleirtal avviser ei norm personleg, men er overtyda om at alle andre trur på norma, og difor ikkje tør å avvise den offentleg. Alle trur altså, fordi dei trur at alle andre trur.

Haldningspolarisering er det siste fenomentet forskarane er opptekne av. Det er når to grupper diskutererer eit emne og vert meir ekstreme i trua på eigen oppfatning. Gruppene overser motpartens innspel, og vil berre ha rett fordi dei andre ikkje kan ha rett.

Forsterka av Internett
– Desse fenomena har alltid eksistert, men vert forsterka av informasjonsteknologien, ifølgje Hendricks.

Når du skal ta ei beslutning, baserer du deg både på eigne idear og på observasjonar av kva andre gjer eller trur. På Internett skjer det dagleg, og når nyhender vert delt og diskutert kan det vere med å forsterke uønska åtferd.

– Ei historie vert robust på sosiale medier når mange deler og kommenterer den, seier Hendricks til Videnskap.dk.

Det skaper ein illusjon om historia som god og viktig, men ikkje nødvendigvis sann.

– Dei som har delt historia har ikkje alltid kvalifikasjonar til å vurdere innhaldet, seier Hendricks.

Forskarane åtvarar mot at informasjonskaskadane har global rekkevidde. Med nettet er det blitt lettare å spreie falske rykter, og konsekvensane er blitt langt meir alvarlege. Dei danske forskarane kallar effekta infostormar og meiner vi treng meir forsking på fenomenet.

LES OGSÅ: Mattemeisteren Meron

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE