Mattemeisteren Meron

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han kom til Sogndal frå Eritrea for berre tre år sidan.

No er han akkurat ferdig med ungdomsskulen og går ut med toppkarakterar i dei fleste fag.

Men det er framtoningan og karakterstyrken som gjer inntrykk på folk.

– I Eritrea, skal du overleva, er du nøydd til å vera flinkare enn alle andre, seier Meron.

Tøff oppvekst
Familien flykta frå situasjonen i heimlandet, som var vanskeleg, både økonomisk og politisk. Diktaturet har råda i over to tiår.

– Folk har ingen rettar, seier Meron.

Ein borgarkrig med nabolandet Etiopia er heile tida på nippet til å bryta ut.

Gutar som fyller 16–17 år, like gamal som Meron er no, må ta utdanning medan dei tenestegjer i militæret.

– For nokon tek tenesta aldri slutt, seier Meron.

I dag bur han i Sogndal saman med mora, Embynesh, og tre brør: Milkias (22), Matewos (18) og Eyakem (12).

Familien på fire, skulle ha vore fem.

For to år sidan omkom faren på ein tur til Stedjeåsen. Hjartet svikta plutseleg. At han hadde diabetes var noko dei visste, men at hjartet skulle svikta, kom som eit sjokk på familien.

Tesfamariam Tecle, som var så stolt av sonen sin, døydde berre 51 år gamal.

– Frå eg var liten lærte eg å respektera folk, følgja draumane mine og jobba hardt. Det er dei grunnleggjande tinga, som foreldra mine har lært meg, seier Meron Tecle.

Kontrastar
I Eritrea fekk han smaka pisken om han ikkje gjorde leksene sine. I Noreg har han måtta venna seg til meir fridom.

Dét, pluss lav folketettleik, ti minusgrader om vintrane og smaklaus norsk mat, sjølvsagt.

Alt har han takla på strak arm.

For tida er klassen godt i gang med førebuingane til avslutningsfesten for ungdomsskulen. Meron gjer ikkje så mykje ut av seg. Berre smiler og er blid, eigentleg.

Klassestyrar Anne Fosse fortel om ein episode som gjorde inntrykk.

Dagen før hadde dei nemleg besøk av den frivillige organisasjonen MOT.

Ei av oppgåvene elevane fekk, var å stilla seg i ein ring rundt ein medelev og seia eitt ord kvar om personen i midten.

Til slutt er turen komen til Meron. Han stiller seg i midten av sirkelen.

Snart kjem dei rosande adjektiva mot han i ein stødig flaum. Sakte, men taktfullt eitt og eitt, utan opphald. Snill. Sterk. Omtenksam. Smart. Reflektert. Moden.

Alle i klassen har noko dei skulle ha sagt.

For Anne Fosse var det ein sterkt augneblikk. Ho blir rørt berre av å fortelja om det.

– Kva gjer Meron så spesiell?

Ho må tenkja seg litt om.

– Han har ein stille autoritet, som eg trur medelevane legg merke til, seier Fosse etter ei stund.

Etter ein litt kortare pause, held ho fram:

– Og så er han utruleg til å arbeida. Han må ha ein veldig vilje.

Gode hjelparar
Den første tida sat han der berre bak pulten og skjønte ingenting.

Gode klassekameratar vart redninga.

– Dei som sat ved sidan av meg omsette nesten kvar setning læraren sa. Spesielt vil eg takka dei som hjelpte meg i sjuande og åttande klasse. Dei viste meg vegen, seier Meron.

Det gjekk ikkje lenge før han fekk vener. Nokon å spela fotball med, vera på overnatting hos og gå saman med på kino.

– Eg kjende for kvar gong eg var med dei, at eg ytra meg meir og meir.

På slutten av åttande klasse merkar Meron at språket ikkje lenger er noko problem.

– Når eg byrja å skjøna lærarane og det som stod i bøkene, vart livet mykje enklare, seier Meron.

Hard innsats
Ingenting har kome av seg sjølv. I Meron sitt liv er det skulen som står i fokus.

Frå måndag til torsdag får han ikkje besøka vener. Han skal vera utkvilt og klar til neste skuledag.

Ein annan ting som har måtta vika er fotballen. Det tok for mykje tid. I staden går han på treningssenteret tre dagar i veka.

All innsatsen har kasta av seg. Ikkje nok med at han har lært språket i rekordfart, karakterane i dei andre faga står òg i stil.

For eit par dagar sidan hadde han sin siste eksamen, muntleg i samfunnsfag.

Meron imponerte med å trekkja dei store linjene i europeisk historie, via den kalde krigen og det spente forholdet mellom Sovjet og USA, til dagens situasjon i Eritrea.

Sjølv lærarar som kjenner han godt, fekk bakoversveis over kor reflektert han framstod.

Det gjekk som det måtte: karakteren seks, som i dei fleste fag.

Men det er i matte han er sterkast.

Mattemeisteren
I Eritrea er det vanleg at dei tre beste elevane frå kvart klassetrinn får premiering.

I matte var Meron alltid blant dei fremste.

– Eg likar å ha vanskelege utfordringar. Kjensla når du har løyst ei skikkeleg vanskeleg oppgåve er berre heilt utruleg, seier han.

Han brukar ikkje lengre dei vanlege skulebøkene.

Ein av lærarane, Jon Navarsete, har sørgja for meir utfordrande mattebøker og forar han med tøffe oppgåver han finn på nettet.

– Han trivst betre og betre, jo verre oppgåver du gjev han. Då sit han berre og gliser. Spesielt i algebra er han heilt rå, seier Navarsete.

Han kan seia mykje om dei faglege kvalitetane til eleven.

Men det er humøret og den positive innstillinga som imponerer mest.

– Du merkar smilet, kor blid han er. Det er alltid noko positivt, same kva det er. Berre tenk kva for faglege utfordringar han har hatt i høve språket. Han har aldri klaga, seier Navarsete.

– Han bidreg med enormt inn i klassen, samstundes trur eg han føler at han har blitt tatt godt i mot sjølv også.

Læraremne
Einar Gunnarson Svedal, elevrådsleiar og klassekamerat, hugsar spesielt ein episode frå ein klassetur til Auswitch. På oppfordring les Meron opp diktet «Farget» framfor over 150 elevar og føresette.

– Han er sterk fysisk og sterk som person. Han har sikkert opplevd mykje. Både som me veit om og som me ikkje veit noko om, seier han.

Magnus Lægreid hugsar når Meron først kom inn i klassen.

– I starten var han stille og sjenert. Men det kom seg, når han vart kjent med oss.

Jonathan Hofslundsengen er kanskje den som er mest med Meron på fritida. Begge er dei kreative og glade i teikning. Matte, derimot, har ikkje Jonathan like stor sans for som kompisen.

Slik klassekameratane hjelpte han med språket i byrjinga, har Meron etter kvart byrja å gjengjelde tenesta.

– Han har hjelpt meg veldig mykje med matte, seier Jonathan.

– Eg trur faktisk han kunne ha blitt ein veldig flink lærar, seier Lægreid.

Draumen
Det er arkitekt han vil bli. Med talent for både teikning og matte, og ein veldig arbeidsmoral, skulle alt liggja til rette for at Meron når så langt han berre vil.

Han er født og oppvaksen i ein by men han lengtar ikkje ut i den store verda. Heller ikkje til Oslo eller andre norske byar.

– Nei, det har eg ikkje lyst til. Sogndal er ein god stad for meg, seier han.

Denne saka stod på trykk i papirutgåva av Sogn Avis laurdag 15. juni.