Jublar for verneplikt for kvinner
– Ein historisk dag, seier leiar i Senterungdommen, Sandra Borch.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ein historisk dag
– Dette er utvilsamt ein historisk dag, ein milepæl i likestillingkampen, men også ein milepæl for oss som er varme forkjemparar for verneplikta. Mens andre land, som Sverige og Tyskland, profesjonaliserer forsvaret sitt og fjernar verneplikta, utvidar me han i Noreg, seier Sandra Borch, leiar i Senterungdommen. Ho har stått i spissen for å innføra kvinneleg verneplikt i eige parti.
Eit breitt fleirtal på Stortinget støttar forslaget til regjeringa om verneplikt for kvinner, også kalla kjønnsnøytral verneplikt. Berre KrF går imot.
Kjønnsnøytral verneplikt vart ei vinnarsak på landsmøte etter landsmøte denne våren, og då Frp, som var sist ut med sitt møte, også gjekk inn for kvinneleg verneplikt, var det solide fleirtalet sikra. SV var først ute.
LES OGSÅ: Bloggar for å få fleire kvinner inn i Forsvaret
Første kull i 2015
Forsvarsdepartementet har allereie begynt å førebu endringar i verneplikta for å ta imot kvinner.
Det første kullet vil truleg bli innrullert i 2015. Men Forsvaret har ikkje planar om å auke mengda som kvart år blir kalla inn til førstegongsteneste, så noko bølgje av kvinner blir det neppe snakk om.
LES OGSÅ: Få kvinner melder seg frivillig
Få gjennomfører
I dag er det rundt 10.000 ungdommar av eit årskull på 60.000 som gjennomfører førstegongstenesta, ifølgje NTB. Kvinnedelen er på 10 prosent. Det er uklart kor mykje denne delen vil auke, men færre menn enn før vil nødvendigvis bli kalla inn.
Dei som har ivra for kjønnsnøytral verneplikt, viser til at også kvinner må få tilgang til ei utdanning og karriere i Forsvaret. Det er dessutan mange oppgåver som ikkje baserer seg på våpenbruk, musklar og rå styrke, men på kunnskapar innan andre område, for eksempel kommunikasjon, data og IKT.