Få kvinner melder seg frivillig
Berre ein brøkdel av kvinnene som blir sett på som tenestedyktige etter sesjon, vel Forsvaret. Leiaren for Nettverket for kvinneleg befal meiner kjønnsnøytral verneplikt vil endre dette.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rundt 6.000 kvinner blir kvart år rekna som tenestedyktige etter at dei har vore på sesjon, men i 2011 fullførte berre 706 kvinner førstegongstenesta, skriv Klassekampen.
Anita Mecheal Ellingsen. som leier Nettverket for kvinneleg befal, meiner at innføring av kjønnsnøytral verneplikt vil føre til at fleire jenter vel Forsvaret. Ho meiner mange jenter ikkje trur dei er gode nok.
– Det finst mytar om at dei skal konkurrere med gutane på ein måte dei trur dei ikkje vil meistre. Blir det ei plikt blir det tydelegare at dette er noko alle kan. Skal vi også få med dei feminine jentene, må vi vise at det er normalt for jenter å utføre førstegongsteneste, seier ho.
LES OGSÅ: Vil ha verneplikt i eldreomsorga
Obligatorisk sesjon for kvinner blei innført i 2010. Forsvaret har hatt ei målsetting om ein kvinnedel på 15 prosent, men målet er aldri blitt nådd. Likevel er målsetjinga auka til 20 prosent innan 2020.
Mykje tyder på at det etter valet i haust kan bli fleirtal for kjønnsnøytral verneplikt på Stortinget. I helga gjekk Venstre inn for kjønnsnøytral verneplikt. Helga før gjekk Senterpartiet inn for det same. Både Arbeidarpartiet og Høgre er delte i spørsmålet. Saka skal opp på landsmøta til dei største partia i Noreg seinare i vår.
LES OGSÅ: Bloggar for å få fleire jenter inn i Forsvaret
Kva meiner du om verneplikt for jenter?