– Eg likar best høghus, slike som er i New York. Det kunne eg godt tenke meg å bygge i framtida.

Ingvild Runde, Mørenytt
Ingvild Runde, Mørenytt

I år går det ein døv elev ved Bygg- og anleggsteknikk ved Ørsta vidaregåande skule. Han heiter Per Kristian Mork, og er frå Mork i Volda. Med hjelp av tolkar greier han seg godt.

Per Kristian Mork er elev ved lina Bygg- og anleggsteknikk (Vg 1) ved Ørsta vidaregåande skule. Der trivst han godt. Det som er litt spesielt med Per Kristian er at han er døv, og har med seg tolk på skulen. Det er to tolkar som vekslar på oppgåva. Det er Grete Marta Sørheim og Anne-Mette Gundersen. Dersom dei er borte steppar Janne- Kristin Lid inn.

Høghus
Heilt sidan Per Kristian var liten har han drøymt om å bli snikkar. Kanskje ikkje så rart sidan både far hans og stefaren er nettopp det.

Då vi møtte han sist veke var han og resten av elevane ved Bygg- og anleggsteknikk (Vg 1) i innspurten i arbeidet med den store gapahuken ved Mork senter.

Gapahuken er grei å jobbe med, men Per Kristian har større ambisjonar.

– Eg likar best høghus, slike som er i New York. Det kunne eg godt tenke meg å bygge i framtida.

Arbeide med hendene
Per Kristian likar å  bruke hendene sine, og fortel at det er ein av grunnane til at han har lyst til å verte snikkar.

–  Eg synest også det er kjekt å teikne hus og førebu eit byggeprosjekt, fortel han.

Læraren hans, Sigmund Øystein Norangshol, meiner han har eit ekstra stort talent for teikning.

Gjennom året har Per Kristian på lik linje med dei andre utvikla seg mykje både fagleg og sosialt. Han trivst saman med dei andre elevane, men synest ikkje dei er så gode på teiknspråk.

Lærarane sine gir han litt betre skottsmål.

– Dei er flinke til å peike og bruke blikket, fortel han.

Det er første gongen Sigmund Øystein har ein døv elev.

– Denne erfaringa har lært meg at det går fint å tilpasse undervisninga til døve elevar. Per Kristian gir eit veldig godt inntrykk og har gjort store framsteg. Dessutan har både vi og han hatt stor hjelp av tolkane, fortel læraren.

Men også tolkane har hatt utfordringar med å lære seg dei mange faguttrykka.

– Eg har funne mykje på internett. Dessutan må eg nytte bilde for å forklare ein del av faguttrykka, forklarer Grete Marta, som har grunnfag i teiknspråk.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE