– Om politikarane gidd å lese denne meldinga, vil barna på flyktningmottaka heilt sikkert få det betre, trur 16 år gamle Yordanos, som sjølv har budd frustrerande tre og eit halvt år på mottak.

NPK-NTB-Nina Haabeth
NPK-NTB-Nina Haabeth

Onsdag morgon var ho med på å overrekke Redd Barnas "En alvorlig stor melding"om barn på flukt til barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV) og statssekretær Pål Lønseth (Ap) i Justisdepartementet.

Meldinga er ikkje mindre enn halvannan meter høg og nesten éin meter brei og kjem som eit svar på stortingsmeldinga om Barn på flukt frå i fjor sommar.

– Redd Barna har snakka med 132 barn som bur på asylmottak, og denne boka er utfordringa deira til politikarane, forklarer Janne Raanes, leiar for Norgesprogrammet, til NTB.

Barna og ungdommane som har vore med på å skrive og redigere heftet har nemleg vore svært oppøste over at stortingsmeldinga "Barn på flukt"ikkje har med synspunkt frå barn.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Liten vits
– Det er vel ikkje vits i å lage ein rapport om barn utan å snakke med dei, seier Yordanos frå Etiopia.

Ho fortel at mange barn har det unødvendig vanskeleg på mottak.

– Mange trur at små barn ikkje skjønner kva som skjer, men dei skjønner mykje meir enn det vaksne trur. Mora mi prøvde å skjule at vi kunne bli sende tilbake, men eg skjønte det sjølv om eg berre var seks-sju år gammal, seier ho.

Ho såg at mora hadde det svært vondt, og at ho blei meir og meir stressa.

– Eg forsøkte å hjelpe henne så godt eg kunne, men det var jo ikkje mykje hjelp i vesle meg, seier ho.

Baqir, ein av dei eldste i Redd Barnas ekspertgruppe, understrekar at barna er framtida.

– Barn som sit på mottak blir kanskje buande i Noreg. Det er derfor viktig at dei blir høyrde, får vanlege rettar og at dei blir behandla riktig. Då lærer dei også å behandle andre riktig, meiner han.

– Alt på mottak er ikkje like trist, men i meldinga vår blir det teikna eit ganske dystert bilde, fortel afghanske Baqir, som no har budd tre og eit halvt år i Noreg, av dei berre åtte månader på mottak.

LES OGSÅ: Folk på bygda overvurderer innvandringa

Tung bagasje
– De må hugse at barn på asylmottak har hatt det veldig vanskeleg før dei flykta, og at sjølve flukta også kan vere svært farleg, seier Hamed (19), som kom til Noreg som einsleg asylsøkjar, også han frå Afghanistan.

Ingen av ungdommane NTB snakka med ville kommentere Neda-saka. Politiet henta natt til tysdag 12 år gamle Neda Ibrahim og familien hennar på asylmottaket på Dale i Sandnes. Neda hadde då budd ti år i Noreg.

– Men då eg budde på mottak visste eg at politiet kunne hente folk på natta. Det var veldig stress, seier Hamed.

Alle dei tre ungdommane er blant dei heldige som har fått opphald i Noreg.

– Det betydde eit heilt nytt liv, smiler Hamed.

– Men det har også gitt meg ei slags skuldkjensle. Kva med dei andre? seier Baqir.

LES OGSÅ: Retorikk blir fort politikk

Hard retorikk
Janne Raanes i Redd Barna meiner meldinga er ei viktig påminning om at det dreier seg om barn, og ho kritiserer ordbruken til politikarane, der asylsøkjarar ofte blir kriminaliserte.

– Politikarane bruker ofte ein tøff retorikk når det er snakk om asylsøkjarar. Dette oppfattar barna, som blir redde og utrygge, seier ho.

– Vi håper at politikarane no tar situasjonen til barna innover seg, og at dei også tar meir omsyn i ordbruken under valkampen, der asylpolitikken kjem til å bli eit viktig tema, fortset Raanes. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44
ANNONSE