Slaktar lyntogutgreiing

Økonomiprofessor Øystein Noreng meiner regjeringas manglande vilje til satsing på høgfartsbane i Noreg gjev store samfunnsøkonomiske tap.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slaktar utgreiing om lyntog

 

Økonomiprofessor Øystein Noreng ved Handelshøgskulen BI har gått gjennom Jernbaneverkets utgreiing om høgfartsbanar i Noreg. I eit notat kritiserer han prosessen fram mot regjeringas nei til satsing på lyntog. Jernbaneverkets rapport får sterk kritikk for ikkje å ha fylgd Stortingets oppdrag. 

– Jernbaneverket har i staden fylgd eit snevrare mandat frå Samferdselsdepartementet og avlevert ein studie med andre føresetnader enn dei som blei lagt av Stortinget. Konklusjonane i utgreiinga viser seg difor å byggje på eit sviktande grunnlag, skriv professoren. 

Til Dagsavisen uttaler professoren at regjeringas skrinlegging av høgfartsbanesatsinga vil ha enorme konsekvensar for Noreg og særleg næringslivet. Utspelet kjem etter at Marit Arnstad tysdag gjekk ut i VG og sa at planane om lyntog i Noreg er lagt på is fram til tidlegast 2030. 

– Det er utruleg kva me ikkje greier å få til i Noreg. Det norske vegnettet er kritisk underdimensjonert i forhold til mengda av godstransport, seier Noreng til Dagsavisen. 

– Norsk samferdselskrise 
Den økonomiske veksten og folketalsauken i Noreg tilseier at godstransporten vil halde fram å auke, og Noreng peikar på kapasitetsproblem som vil oppstå når investeringane på vegane ikkje held tritt med den aukande transportmengda.

– Flaskehalsar, forstoppingar og forseinkingar vil difor framleis ramme norsk godstransport på vegane, truleg med ei forverring, seier Noreng, som i notatet sitt kallar situasjonen på norske vegar og jernbanar for ei samferdselskrise.

Til Dagsavisen seier han også at han er kritisk til manglande satsingsvilje blant norske politikarar. 

– I mange år har eg ergra meg over ein tafatt norsk samferdselspolitikk, seier han. 

LES OGSÅ: Til kamp for høgfartsbane

– Deutsche Bahn har rett 
I notatet sitt trekkjer han fram Deutsche Bahns høgfartsutgreiing, bestilt av Norsk Bane, som eit konsept som i mykje større grad byggjer på det Stortinget i si tid bestilte. Deutsche Bahn vurderer Vestlandsbanen over Haukeli som det konseptet som først bør byggjast ut for størst mogleg samfunnsøkonomisk nytte. I Deutsche Bahns utgreiing er også regional- og godstrafikk inkludert, i motsetning til i Jernbaneverkets utgreiing. 

– Det snevre konseptet (i JBVs utgreiing) om langvegs persontransport utan mellomliggande transport eller godstransport blir ikkje ein gong grunngjeve, og langt frå drøfta mot andre konsept. Stortingets ynske om ei utgreiing av fleire strategiske alternativ blir ikkje fylgd opp, skriv Noreng.

Les saka i Vest-Telemark Blad!