Vitskap frå den islamske gullalderen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vitskap frå islamsk gullalder

«Sultans of Science – Islamic Science Rediscovered» opnar på Norsk teknisk museum 15. juni i år. Vandreutstillinga inviterer til å utforske vitskap, teknologi og medisin i den islamske kulturhistoria.

Utstillinga er den største vitensenterutstillinga som nokon gong er sett opp i Noreg, mellom anna med over 50 interaktive, sensoriske og visuelle installasjonar.

«Sultans of Science» debuterer i Europa med Oslo-besøket. Utstillinga har vore på vandring over store delar av verda, mellom anna i New Jersey, Sør-Afrika, Toronto, Edmonton, San José, Singapore, Thailand og Malaysia.

– Kunnskap om andre kulturar bidreg til gjensidig forståing. Vitskap, teknologi og medisin er også kultur, og innsikt i den felles vitskaplege kulturarven vår kan bidra til å byggje bruer mellom kulturar. Ei reise til den fortidige islamske kulturen på Teknisk Museum i 2013 kan gi innsikt og impulsar som er viktige både i dag og i framtida, seier museumsdirektør Hans Weinberger i ei pressemelding.

QUIZ: Kva veit du om Midtausten?

Utstillinga tek utgangspunkt i gullalderen i den islamske vitskapshistoria, som starta omkring år 750 ved kjende kunnskapssenter som Bagdad, Cordoba, Kairo og Samarkand. Utstillinga syner mange av oppfinningane og oppdagingane frå islamsk hald.

Fagfelt som astronomi, matematikk, medisin og optikk er godt representerte på utstillinga. Oppfinnaren Al-Jazari, som konstruerte mange imponerande maskinar, kan ein også lære meir om. Al-Jazari levde i Anatolia på slutten av 1100-talet, og utvikla mellom anna ein ny teknologi for vassheving for å vatne i det tørre landskapet. (©NPK)

Men utgangspunkt i gullalderen for islamsk vitskap frå kring år 750 syner «Sultans of Science» korleis islamsk kultur har bidrege med oppdagingar innan vitskap, teknologi og medisin. Foto: Sultans of Science