Framleis store forskjellar mellom kor mange jenter og gutar som fullfører vidaregåande.

NPK-NTB
NPK-NTB

75 prosent av jentene, mot 64 prosent av gutane avslutta med studie- eller yrkeskompetanse etter fem år. For innvandrarar ligg delen på 53 prosent, ein auke på 3 prosentpoeng det siste året, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Gjennomstrøyminga blir målt etter kor stor del som har fullført med studie- eller yrkeskompetanse etter fem år. Delen har halde seg stabil gjennom dei åra statistikken omfattar. Frå kullet som starta i vidaregåande opplæring i 1994 og fram til kullet som starta i 2007 har gjennomstrøyminga berre gått opp med 0,8 prosentpoeng, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Forskjellen mellom allmenn- og yrkesfag er stor, Av dei som begynte på studieførebuande utdanningsprogram i 2007 hadde 83 prosent fullført etter fem år. I yrkesfagleg studieretning klarte 28 prosent å fullføre med yrkeskompetanse/fagbrev innan fem år. 24 prosent fullførte med studiekompetanse. Meir enn tre gonger så mange slutta på yrkesfag samanlikna med studieførebuande utdanningsprogram.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Karakterar frå grunnskolen, saman med utdanningsnivået til foreldra, betyr mykje for om elevane fullfører.

Når foreldra har lang høgare utdanning, fullfører ni av ti innan fem år, medan det same talet er 65 prosent når den høgste utdanninga til foreldra er vidaregåande. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE